tirsdag 28. juni 2016

Dei oversette homofile

Espen Ottosen skreiv for nokre få år sidan boka Mine homofile venner (2009). Der intervjua han menneske med homofile kjensler, som likevel meiner homofilt samliv er i strid med Guds vilje, og som har valt å leva etter det dei trur.


Bortsett frå det er dei sju intervjuobjekta sjølvsagt ulike. Nokre av dei er anonymiserte i boka, andre står fram med fullt namn. Thomas var gift og vart skilt, han er no leiar i ei frikyrkje på Austlandet. Gunnar lever i eit heterofilt samliv. Det same gjer Ole. Line var bifil, men opplevde ei radikal forandring etter at ho vart kristen. Det var ein kort statusrapport for dei anonymiserte på utgjevingstidspunktet for boka i 2009. Skal ein bli kjent med historiene deira, må ein lesa boka. Dei som fortel si historie der med fullt namn, er den svenske presten Erik Johansson, som ønskjer å tala positivt om sølibatet. Den norske prestelæraren og greskeksperten Bjørn Helge Sandvei. Den finske pastoren Ari Puonti.


Mange fortel sine personlege historier i media. Dei Espen Ottosen har intervjua, er ikkje mellom dei mest synlege til vanleg. Det gjer kanskje historiene deira ekstra interessante.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar