søndag 15. mai 2016

Kule ord (27): klopp

Klopp frå Flatøy i Nordhordland
(foto: Arve Kjell Uthaug)

Der eg bur, har flittige folk oppgradert fleire turstiar med bruer i sørpete og myrete område. Vanlege bruer er det jo ikkje, sidan dese smale stripene med tverrgåande trebord i dei fleste tilfella ligg rett på bakken. Og dei er ei framifrå hjelp til å koma seg tørrskodd og reinskodd over myrområde og over opptrakka, moldete felt stien.  

Heilt til for eit par veker sidan visste eg ikkje kva slike greier heitte, og prøvde meg med myrbruer. Men no viser det seg altså at det finst eit kort og godt ord som lever i beste velgåande, og ordet er "klopp". Ei klopp er ifølgje Nynorskordboka ei "lita gangbru av stokkar (eller stein) over bekk, elv eller våtlende".

Så då veit vi det. Og, for ordens skuld, eg fann ikkje ordet i Nynorskordboka først, eg høyrde det i allminneleg bruk langs ein sti med klopper. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar