tirsdag 19. april 2016

Sikling i sportsbutikken

Gode råd frå banken om pengebruk.
(Foto: Bjoertvedt, Wikimedia Commons)
Det er prisverdig at bankane vil gje ungdommen gode råd om å forvalta pengar. At bankane sjølve kan ha sitt å tena på plassering i ulike fonds- og spareordningar, skal vi vel heller ikkje klandra dei for. SparebankenVest gjev på heimesidene sine råd til dei som står midt oppe i overgangen Fra barn til bemidlet konfirmant. Her får vi høyra om Per, Pål og Espen, som er litt ulike typar, og som forvaltar pengane sine litt forskjellig. Per, får vi høyra, er ein glad og aktiv gut med mange fritidsinteresser:

"Han planlegger å ta seg en runde på de ulike sportsbutikkene lørdag etter konfirmasjonen og kjøpe alt det utstyret han har siklet på lenge, men ikke hatt penger å kjøpe."

Hadde eg jobba i sportsbutikk, er eg redd eg hadde kasta ut denne grisete ungdommen for lengst. På den andre sida kan det jo henda Per er heldig og får utstyret til redusert pris på grunn av alt siklet.


 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar