torsdag 7. april 2016

Åleine mot nordavinden



(Foto: Arve Kjell Uthaug)
Vest i Lerøyne i Austrheim står dette grantreet. Det står ytst på eit nes, berre eit lite saltsprut frå sjøen, og har utsikt mot havet og Holmengrå. Kvifor det står her så heilt åleine for seg sjølv, veit eg ikkje. Nokon kan jo ha planta det, men meir sannsynleg har det sådd seg sjølv. Litt lengre inn på øya står det mange grantre i trygge klynger der ingen skil seg ut.

Grana vår er ujamn og einsidig i veksten, tydeleg forma av ver og vind i harde tak. Ubalansert vil nokon seia. Men ho står her i alle stormkast, med livskraft og rotfeste. Flyttar seg ikkje ein tomme. Det er sjeldan eg ser noko heroisk i eit grantre, men innser at det kanskje bør gjerast eit unntak for stribukken i Lerøyne. 

Stridsmann
I dag 8. april 2016 er det hundre år sidan Arthur Berg vart fødd. Teologen frå Brunlanes i Vestfold tok over som redaktør i avisa Dagen i 1955, og sat der til han gjekk av med pensjon i 1986. Eg veit ikkje om Berg nokon gong møtte ein omdømeekspert. Dei ville neppe snakka same språk. Redaktøren var ikkje først og fremst oppteken av kommunikasjon som fungerte. Han skreiv og sa det han meinte. Ein merkeleg vane han hadde. Vi som voks opp med leiarartiklane og kampsakene hans, kan lett sjå det han nok òg godt såg sjølv der han hamra ned setningane på tastaturet: Han stridde for mange «tapte» saker. Saker som ikkje fekk gjennomslag, og synsmåtar som i dag berre blir støtta av minoritetar ute i dei halvtause marginane av samfunnet.

Den kristne tanken
Svært mykje av det Arthur Berg skreiv, var gjennomsyra av kampen for den kristne tanken. Derfor var han ei motvekt mot den anti-intellektuelle tradisjonen som òg finst i norsk kristenliv. Dermed vart resonnement, grunnleggjande premissar og val av ord viktig. Eg trur det var Arthur Berg som lærte meg kva eit aksiom er for noko, og eg kan ikkje hugsa at eg i barndomen snubla over andre aviser som hengde på forklaringar "frå ordboki" under leiarartiklane. "Ord har alltid ein verknad" var, om eg ikkje hugsar feil, slagordet på den kanskje vel sterke, men samstundes ikoniske eigenreklamen Dagen hadde i plakats form i min barndom. Teksten var heilt i Bergs ånd.

Utan tvil var Berg ein konservativ teolog, og Bibelen var den høgaste autoriteten. Ei av sakene han investerte svært mykje ernergi i, var kampen mot kvinnelege presteteneste. Det er blitt eit nesten sært minoritetsstandpunkt i dag – sjølvsagt om vi berre vel å sjå på dagens norske kristenliv, og gløymer den verdsvide kyrkja og den samanhengande kyrkjelege tradisjonen frå apostlane. Mange vil rekna det som ei tapt sak her hjå oss, på line med dei bibelsk forankra kjønnsrollene Berg forfekta. Følgjer ein dagens leiarartiklar i Bergs gamle avis, er desse sakene tona ned – sjølv om synet i prinsippet nok er det same.

Under Arthur Berg var avisa Dagen dessutan ei drivande kraft i kampen for det ufødde livet. Fosterdrap, skreiv redaktøren i Sparebankgaten, og det er vel når alt kjem til alt eit både ærleg og vondt ord. Her òg kan det sjå ut som han stridde for ei tapt sak, ei vi helst vil sleppa å snakka om. Men kanskje vi ein gong må slutta med å feia dette under teppet.

Mellom brør
Eit utslag av Bergs kamp på dette feltet var den sterke argumentasjonen han førte imot at Kristeleg Folkeparti skulle gå inn i ei borgarleg regjering som stilte seg bak abortlova. I dag er det ikkje mange, om nokon, som løftar Bergs fane her – det tel vel med mellom dei tapte sakene. Men den gongen var det harde tak. Avisa og partiet var runne av dei same vestlandske lekmannsrøtene. Første redaktøren i Dagen var søskenbarn av første tingmannen til KrF. Strid mellom nære blir det gjerne ugreie av, og spørsmålet om regjeringsdeltaking gav gjenlyd så det skrangla i abonnementsstatistikken til Dagen. 

Mange følte det kanskje slik som ein av Bergs åndsfrendar ein gong skreiv det: I stridens hete vart iveren stundom så stor at sverdet ikkje berre fekta framover, men gjekk i sirkel over hovudet slik at det òg ramma dei som slost i same fylking og for same sak som Berg. Her siterer eg etter minnet, og vonar det ikkje sviktar meg.

Men Bergs forteneste var at han sto fast på at vernet om det veikaste menneskelivet var større og viktigare enn at KrFs fremste kvinner og menn skulle flytta inn på statsrådskontora.

Heldigvis fekk Berg vera med på å vinna ei og anna sak òg. I den breie alliansen mot EF fann han sin plass saman med kommunistar, fagforeiningsfolk, professorar, radikale ungdomar, nasjonalt innstilte, bønder, motkulturelle, fleirtalet av folket - og andre avvikarar.  Nei-fleirtalet under folkerøystinga i 1972 er nok den tydelegaste sigeren han fekk vera med på. Pressemannen sloss òg med brennhug for Israels sak. Der bles ikkje opinionsvindane hans veg som i EU-saka. Når eg tenkjer tilbake, lurar eg på om det var noko bortimot eit prinsipp for han å alltid støtta Israel når landet og leiinga der fekk kritikk.
 
Nynorsk og erotikk
Pressemanne hadde òg sider som kanskje overraska og overraskar nokon. At han skulle bli målmann og tala og skriva konservativ nynorsk med i-endingar, sto vel ikkje skrive i stjernene. Vestfold har aldri vore noko sterkt nynorskfylke. Men Berg var ein mann som gjekk på tvers. Gleda hans over erotikken i den bibelske Høgsongen passar heller ikkje så godt med stereotypiane om den pietistiske mørkemann. Mange veit nok heller ikkje at han var Nato-motstandar, og at han var ein kvass kritikar mot nådelaus førehandsdøming i pressa.

Berg var ingen nederlags-dyrkande sutrekopp. Eg trur han oppriktig ønskte å vinna dei kampane han kjempa. Men meir enn å vinna, trur eg sigeren for han var å bli ståande i striden for det han trudde var rett. Utan å vika, utan å dukka - og utan å forlata tastaturet. Han våga å stå i stormen åleine.

Eg saknar han og minnest han med glede.

3 kommentarer:

  1. Kjære bror! Flott å lesa! Du har ei stor gåve! Fortsett å bruka den! Stolt av deg!

    SvarSlett
  2. Kjære bror! Flott å lesa! Du har ei stor gåve! Fortsett å bruka den! Stolt av deg!

    SvarSlett
  3. Tusen takk, Kjersti. Det var fint skrive. :-)

    SvarSlett