onsdag 6. april 2016

Grenseklosteret ved Glanerbeek

Inn til kapellet i St. Efremklosteret (foto: Arve Kjell Uthaug).
I Glane i Nederland, heilt på grensa til Tyskland, ligg det syrisk-ortodokse St. Efremklosteret. Tolv menneske bur her fast: fem kvinner og sju menn. Leiar av klosteret og hyrding for dei om lag 25 000 syrisk-ortodokse i Nederland er biskop Polycarpus.

Midtausten, India og diasporaen
Grenser er ikkje berre stenglser, dei er òg møteplassar. Eit kloster er sjølvsagt meint å vera ein møteplass mellom det himmelske og det jordiske. St. Efrem er samstundes ein møteplass mellom Midtausten og Europa. Dei syrisk-ortodokse i Europa kjem frå Midtausten, mange frå området Tur Abdin i Tyrkia, andre frå Syria og Irak. Vanskelege tider, terror og borgarkrig har gjort at desse kristne har prøvd å finna eit betre liv i Europa.

Dette eldgamle kyrkjesamfunnet har fått ei interessant geografisk utbreiing. Enkelt sagt finst dei syrisk-ortodokse tre stader. Kjerneområdet er i Midtausten, men der vert dei stadig færre. Lang fleire bur faktisk i India. Dei såkalla Tomaskristne der har røter tilbake til dei første kristne hundreåra. I dag er dei delt opp i ulike kyrkjesamfunn, men ganske mange står under den syrisk-ortodokse patriarken i Damaskus. Den tredje gruppa er den nye diasporaen, syrisk-ortodokse som i vår eiga tid har søkt ei ny framtid i Europa, på det amerikanske kontinentet og i Australia.

Den syrisk-ortodokse kyrkja er forresten nært i slekt med andre orientalsk-ortodokse kyrkjer som den armenske, den koptiske og den etiopiske. Eit viktig særdrag ved den syrisk-ortodokse er den rolla klassisk syriansk spelar som liturgisk språk.

Gudsteneste i Hengelo

Biskop Polycarpus (t.v.) studerer ei av bøkene som
Far Gabriel (t.h.) har ført i pennen. Gabriel, presten i
Hengelo, er ein flittig kaligraf. (foto: Arve Kjell Uthaug)
Dette siste høyrer eg med eigne øyro under gudstenesta i den syrisk-ortodokse kyrkja i Hengelo, Nederland, søndag 3. april. Eg skjønar knapt eit ord. Det ville heller ikkje ein allminneleg nederlendar gjort. For ein utanforståande som meg er det som eit gudfryktig kunstverk, under utvikling og innanfor faste rammer. Biskop Polycarpus er der i praktfull liturgisk drakt. Den lokale presten Abuna Gabriël Kaya, far Gabriel, deltek òg. Både han og biskopen voks opp i Tur Abdin i Tyrkia. Under gudstenesta har dei hjelp av mange menn og unge gutar til messinga og dei heilage handlingane. Ei gruppe unge jenter er kledde i lange, lyseblå drakter med hette, og står rundt ein lesepult og syng. 

Dei fleste ungdomsarbeidarar i Den norske kyrkja ville nok gledd seg om dei kunne telja så mange ungdommar under ei gudsteneste som dei som deltek i liturgien i Hengelo.

Liturgien tek si tid. Her er det røykjelse og bjøller. Og mykje kyssing - av bøker, av krossen i biskopens hand, av hender, av søyler. Liturgien vert messa eller sungen, men det er ingen salmesong slik vi er vane med.
Glasmåleri frå klosterkyrkja (foto: Arve Kjell Uthaug)


Eit vakkert, men ikkje planlagt innslag i liturgien er den vesle guten med Downs syndrom og fotballskjorte med nummer 10 og Messi på ryggen. Han vil gjerne vera med heilt framme og få med seg det som skjer saman med biskopen og dei andre. Nokre venlege og varlege forsøk blir gjort på å hysja litt på han og henta han. Men han ville vera heilt der framme ei stund, og får lov til det.

Etter gudstenesta er det ein kort kyrkjekaffi der mange helsar på biskopen. Etterpå er det måltid for ei mindre gruppe frå kyrkjelyden, saman med biskopen og dei av oss frå Aramaic Online Project, eller Nettarameisk, som er med under gudstenesta.

Grenser og bruer
Den kristne tradisjonen frå
Midtausten møter
Europa på ny (foto: Arve Kjell Uthaug)
Gjestfridomen er stor både i Hengelo og ved klosteret i Glane. Den syrisk-ortodokse kyrkja tok over dette klosteret i 1981. Hovudbygninga er stor og har sitt eige kapell.  I tillegg er det bygd ei ny kyrkje på området, med fagre glasmåleri - og med biskopar og prestar gravlagde i kjellaren. Like attmed kyrkjebygninga ligg den syrisk-ortodokse kyrkjegarden.

Heile tida blir eg minna om at mange av dei vi møter, eller foreldra deira, flytta hit frå Midtausten. Dei næraste slektningane deira kan like gjerne vera i Sverige eller Tyskland som her i Nederland. Ikkje berre har dei sitt eige syrianske kyrkjespråk - sin eigen "latin" - som blir brukt i liturgien. Dei har òg sitt eige daglegspråk kalla surayt (turoyo). Når presten og biskopen talar til forsamlinga, brukar dei surayt. Delar av liturgien er faktisk òg på dette moderne språket. Og under måltidet etterpå flyt samtalen i surayt. Men om neste generasjon vil snakka dette arameiske språket med kvarandre under kyrkjekaffien, er eit ope spørsmål. Målet med Aramaic Online Project er å ta vare på dette språket og sikra det ei framtid i Europa. For slik utviklinga er i Midtausten, finst gjerne ikkje surayt om nokre tiår om det ikkje finst i Vesten.

Biskop Polycarpus Augin Aydin voks sjølv opp i ein landsby i det gamle syrianske kjerneområdet Tur Abdin i Tyrkia. Her fekk han den første teologiske utdanninga si i Mor Gabrielklosteret. Seinare studerte han i London og Oxford, før han tok doktorgraden i USA. Biskopen i grenseklosteret ved Glanerbeek står sjølv på grensa mellom ulike kulturar, språk og tradisjonar. Dermed er han òg godt skikka til å skjøna dei dilemma flokken hans møter. I tillegg kan den unge biskopen, som er fødd i 1971, byggja bruer til den vestlege verda og til akademia. Klosteret er både eit kristent og eit kulturelt sentrum for syrianarane i Europa, og deltakinga i Aramaic Online Project er ei av oppgåvene den venlege og energiske biskopen har teke på seg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar