tirsdag 29. mars 2016

Om å skjøna britar

York i Nord-England (foto: Arve Kjell Uthaug).
Dei som set pris på alt som er britisk, vil ha glede av å lesa denne artikkelen om britisk høflighet. Ein smakebit:

Britane seier: That is a very brave proposal.
Britane meiner: You are insane.
Utlendingar oppfattar: He thinks I have courage.

Noko heilt anna. Med det same vi er på Dei britiske øyane, vil eg leggja inn eit godt ord for organisasjonen Friends of Friendless churches. Trist at det finst slike venelause kyrkjer, dvs. gudhus som ikkje trengst, og som står til forfall. Men når det først er så gale, er det ei slags trøyst i at nokon skipar ein organisasjon med eit så fint namn.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar