fredag 20. november 2015

Kule ord (23): suboptimalisera

Suboptimalisering eller god køkultur,
det er spørsmålet. (Foto: JIP, Wikimedia Commons)

Kanskje fortener ikkje ein slik oppstylta og nesten uforståeleg framandkar plass mellom orda dei kule? Frå den andre sida sett dekkjer ordet ein viktig realitet, og eg kjenner ikkje eit anna norsk ord som treffer like godt.

Her er ein definisjon av suboptimalisering, som eg har funne på nettet:

Innebærer at ulike aktørers tilpasning kan være optimale ut fra disse aktørenes rammevilkår, men der disse aktørenes tilpasning i et samfunnsøkonomisk perspektiv ville kunne blitt endret slik at den totale ressursmengden kunne blitt større hvis disse aktørene tok hensyn til konsekvensene for andre aktører ved sin tilpasning. 

Men suboptimalisering treng ikkje berre handla om økonomi og ressursar. Omsett til menneskespråk er suboptimalisering å gjera det som er best for seg sjølv og sine næraste, utan å bry seg om det større fellesskapet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar