tirsdag 17. november 2015

Kule ord (22): stad

Slutten av fisketuren, Jesus og Peter.
(Illustrasjon frå The Yorck Project,
Wikimedia Commons)

Ordet stad kan bli brukt som korform for uttrykket av stad, det å gå eller flytta seg frå ein stad til noko anna. 
 
Onkelen min, eller eigentleg filleonkel, Georg Tangen, som bur på Fedje og er godt ute i pensjonsalderen, har skrive litt om mange av dei orda han voks opp med i eit fiskarsamfunn. Her dukkar òg denne tydinga av "stad" opp: "Frå dei fyrste skuleåra til eg var konfirmert, var eg ofte med bestefar å fiska. Me rodde småbåten (feringen) og me sa at me skulle sta."

Dermed er det bygd ei bru over til det nynorske bibelspråket. Som kjent heldt Meisteren lag med fiskarar, og den mest framfusne av dei var Simon Peter. Etter at Jesus døydde, kan det sjå ut som om Peter og dei andre læresveinane var usikre på kva dei skulle gjera vidare. I slutten av Johannesevangeliet, i kapittel 21, er vi vitne til ein av desse augneblinkane som viser kor lite vi eigentleg veit om framtida. Det kan i alle fall sjå ut til at Peter rekna med no skulle livet venda tilbake til normalen.

- Eg vil ut og fiska, seier Peter i følgje den siste bibelomsetjinga (2011). I lag med han var ein liten gjeng læresveinar.

- Eg vil av og fiska, heitte det i omsetjingane frå 1985/78 og 1938. Eg kan ikkje hugsa at eg har høyrt preposisjonen "av" brukt slik i daglegtale frå min kant av landet, men vakkert er det likevel.

- Eg gjeng `stad aa fiska, sa Peter ifølgje den såkalla fyrebilsbibelen (1921), den aller første heile omsetjinga av Bibelen til nynorsk.

Dermed er vi tilbake der vi starta. Eg trur nok denne måten å bruka "stad" på er mindre vanleg no enn før. Og eg ville tippa at det i alle fall i Nordhordland helst er eldre folk som uttrykker seg slik. Men seiemåten lever framleis.

1 kommentar:

  1. Godt nytt. For nokre få dagar sidan høyrde eg ein person som brukte preposisjonen "av" på liknande måte som i bibelomsetjingane frå 85/78 og 38. Eg spurde henne sjølvsagt ut om saka. For henne var det heilt naturlege å seia t.d. at "eg skal av og handle", "eg skal av og ha meg noko mat" og "eg skal av og trene". Personen er i slutten av 20-åra og har vokse opp i Ytre Sogn.

    SvarSlett