onsdag 28. oktober 2015

Jon Fosse om kommareglane



Jon Fosse, vinnar av Nordisk Råds 
Litteraturpris (foto: Jarle Vines)
I går kveld vart det kjent at forfattaren frå Strandebarm vann Nordisk Råds Litteraturpris for Andvake-trilogien, så dette er på mange måtar Jon Fosse sin dag.

Denne bloggposten skal likevel handla om det som, i alle fall i bokstavleg meining, er ein liten ting i forfattarskapen til Fosse. Ja det er ein liten ting hjå alle slags forfattarar og skribentar og i all slags tekst, så vidt eg veit. Men ein liten ting kan skapa ganske mykje tvil og hovudbry hjå den som skriv, og utløysa temmeleg mykje retthaveri hjå dei som les det andre har skrive.

Bruken av komma.

I samtaleboka Mysteriet i trua drøftar Eskil Skjeldal og Jon Fosse m.a. skilnaden mellom fag- og skjønnlitteratur. Fosse peikar på at ein i skjønnlitteraturen snakkar i og igjennom forma, der mellom anna rytmen og syntaksen er avgjerande viktig. Den tette samanvevinga av form og innhald i diktinga syner seg i stort og smått, til dømes i kor viktige skiljeteikna er - "feil plassering av ein pause, eller eit komma, kan gjera det perfekte uperfekt og øydeleggja einskapen av form og innhald",meiner Fosse, før han eit par komma seinare slår fast at kommaet er så avgjerande for rytmen og flyten i ei setning at ein rett og slett ikkje kan skriva godt på norsk om ein følgjer dei norske kommareglane.

Fosse seier det slik: "Det meste som treng å seiast om bruk av komma i nynorsk seier elles Marius Hægstad i si Norsk Maallæra som kom ut i 1905 - ein set komma der det passar med "ein pause i lesnaden"." Dermed er han ikkje like stemt for Finn-Erik Vinje si tilnærming. I følgje Fosse ramsar Vinje opp 32 kommareglar, om ein tek med underpunkta.

Til ettertanke for alle som skal læra den oppveksande generasjonen å skriva, og for alle oss andre som skriv litt sjølv når det trengst.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar