lørdag 11. juli 2015

Turstien rundt Lerøy

Denne sommarfuglen fann seg ein stein midt på stien
rundt Lerøy ein dag i juli (Foto: Arve Kjell Uthaug).
Lerøy er ei av mange øyer i Austrheim kommune.  Det er berre eit par minutts køyretur frå kyrkjestaden Austrheim, så er ein der. Ei steinbru over eit smalt sund gjer at ein ikkje må i båt for å koma til Lerøy.

Turstien rundt denne øya er ikkje så lang, og stigningane er ikkje særleg krevjande. For den som er nokolunde før til beins, er han enkel å gå. Boka Opptur Hordaland (2007) meiner løypa er unnagjort på 45 minuttar. Det stemmer nok, men så spørst det jo kor lange pausar ein tek. Delar av turen går gjennom beitemark. Nokre små saueflokkar ser ut til å leva det gode liv og manglar ikkje mat. Eit par nyfikne hestar kan ein òg treffa på.

Turen kan ha mange små og store høgdepunkt, men han har to toppunkt. Det eine er i nordvest, der det er sett opp ein benk til dei som vil sitja på sivilisert vis. Herifrå kan ein nyta utsynet til Fedje og til Holmengrå.  Men endå nærare ligg fyrlykta på Vardholmen, og mellom Lerøy og Vardholmen er det paddemark med fluer og stenger. Dei siste er der sjølvsagt for å hindra båtfolket i å renna på dei første. Det andre toppunktet kjem heilt på slutten, eller eventuelt heilt i starten av turen – alt etter kva veg ein vel å gå runden. Her òg er det fin utsikt, og nedanfor er det ei bratt li med ein bitteliten eikeskog.

Det er to vågar ein bør sjå etter når ein går denne stien. Den eine ligg lengst vest på øya. Ferdafolk må gjera ein liten avstikkar og gå nokre få meter frå stien for å finna han. Heilt inne i botnen av vågen er det fin skjelsand. I andre enden opnar han seg mot havet, så ein finn lunare og varmare badeplassar. Men på ein heit sommardag er det berre å hoppa uti, og som oftast har ein vågen og sandstranda for seg sjølv. Den andre vågen har ein fin utsikt til frå den delen av stien som går langs sørvestsida av Lerøy. Ei fascinerande lang og smal sandgrunne ein neppe oppdagar om ein ikkje går just denne stien.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar