lørdag 11. juli 2015

Kule ord (19): rur

Ruren pyntar opp langs kysten (foto: Arve Kjell Uthaug).
Rur er eit av favorittorda mine. Opphavet er det norrøne hrúðr. Ruren er krepsdyr som dannar små tipiforma kalkskal. Tett i tett står dei i fjørebeltet, som eit teppe av små kvite nuppar på berget.

Det finst mange ulike artar av dette krepsdyret. Den vanlegaste sorten i fjøra er fjørerur. Andre slag er steinrur, djupvassrur, skipsrur og brakkvassrur.

Det er mykje godt å seia om ruren, mellom anna pyntar han opp i beltet mellom flo- og fjøremål. Han er òg ei god hjelp for alle som glid inn på ein våg og vil stiga i land. Heller enn å setja foten på det glatte, våte berget, lønar det seg å trakka på det kvite, ru dekket av rur. – Stig på ruren, fekk eg høyra som gutunge. Det er framleis eit godt råd for den som vil trygt i land.
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar