søndag 5. juli 2015

Kule ord (18): gravleggja seg

Ein kan både gifta seg og bli gift, konfirmera seg og verta konfirmert. Kanskje kan ein, om ein er vaksen, både døypa seg og bli døypt.

Anna Anchers "En begravelse" (Statens Museum for Kunst, henta
frå Wikimedia Commons)
Men ein stad går det vel ei grense der aktiv-forma misser si meining og passiven må få rå grunnen åleine. Likevel kan det sjå ut til at nokon ønskjer å flytta litt på grensesteinane, i alle fall om ein skal tru reportasjen i avisa Dagen om at færre vel å gifta seg i kyrkja. Journalisten har intervjua ein religionssosiolog, som har funne eit lite lyspunkt trass alle kyrkjelege statistikkar som peikar nedover:

Forskeren påpeker at kristendommen fremdeles har et sterkt fotfeste i Norge, og at de aller fleste i hvert fall velger å gravlegge seg i kirkelig regi.

Eigeninnsats til det siste, med andre ord.

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar