lørdag 27. juni 2015

Øy-mystikk

Fedje, ikkje akkurat Nordhordlands svar på Aidensfield.
Avisa Strilen - lokalavis for Nordhordland, Fedje inkludert - har ei spennande sak frå den flotte og fredelege kommunen lengst nord og vest i Hordaland. Fedje er ei perle, og folk som ikkje har vore der, veit ikkje kva dei har gått glipp av. Særleg mykje kriminalitet er det nok heller ikkje i denne øykommunen med under 600 fastbuande.

Men alt er visst ikkje heilt som det skal på Fedje heller, om vi skal tru Strilen. Her kjem saka, i si fulle lengd:

Mystiske folk observert på Fedje

Politiet fekk i helga melding om at ein "tvilsom" bil med nokre mystiske folk i, var observert på Fedje.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar