onsdag 25. mars 2015

Kule ord (17): fingerspenn

Eit fingerspenn til å måla Goliat med.
(Foto: Arve Kjell Uthaug)
Fingerspenn er eit lengdemål. Eit særleg vanleg mål er det ikkje, men eg snubla over ordet i forteljinga om David og Goliat i den nyaste bibelomsetjinga (Bibelselskapet 2011). Filistarfylkingane har samla seg mot israelshæren, og kjempa Goliat hånar israelittane fordi ingen vågar møta han til duell mann mot mann. Og Goliat var ingen liten kar, som kjent:

Då kom det fram frå rekkjene ein mann som utfordra til tvikamp. Han heitte Goliat og var frå Gat. Han var seks alner og eit fingerspenn høg. (1. Samuelsbok 17, 4). 


Eit fingerspenn til bruk i matteundervisninga
(Foto: Arve Kjell Uthaug)
Og Bibelselskapet sin fotnote forklarar at eit fingerspenn er omlag 25 centimeter, "avstanden frå tommelen til veslefingeren hos eit vakse menneske". Goliat skal dermed ha vore omlag 3 meter og 25 centimeter høg, jamvel om det finst handskrifter som opererer med at han var ein meter lågare.

Men nok om Goliat, og tilbake til fingerspennet. I dei fleste andre norske bibelomsetjingane eg har sjekka, både bokmåls- og nynorskversjonar, er det eit anna uttrykk som er brukt for fingerspenn her, nemleg spann. Så langt eg har sett, er det berre 2011-utgåva til Bibelselskapet som brukar ordet "fingerspenn" i forteljinga om David og Goliat.

Går vi til ordbøkene, finst ikkje fingerspenn i Nynorskordboka, Bokmålsordboka eller Norsk Ordbok. Ordet spann finst derimot i ordbøkene, og forma fingerspann finst i Norsk Ordbok. Innhaldet er det same i alle tre orda. Mest presis i definisjonen er Norsk Ordbok (fingerspann): "så langt ein kan spana, strekkja (ut med) fingrane frå ytste enden av tumarsfingeren til ytste enden av veslefingeren (jfr spann)". 

Men sjølv om "fingerspenn" er uvanleg, viser det seg at ordet har fått to alternative meiningar. Den eine er den som Bibelselskapet nyttar, og som svarar til definisjonen av fingerspann i Norsk Ordbok. Den andre tydinga har eg kome over i eit lærarheftet til matteboka Matte overalt frå Fagbokforlaget (s. 54). Der er eit fingerspenn spriket mellom tommelspissen og spissen av peikefingeren.

Eg vil tippa denne siste tydinga er den nyaste, men sikker er eg ikkje.


2 kommentarer:

  1. Eg har prøvd å henta inn litt meir informasjon om ordet fingerspenn, og Leiv Egil Breivik skriv m.a. følgjande:

    "På 1950-talet var det eit eventyrleg sildefiske på Møre-kysten. Før silda kom inn til kysten om vinteren, måtte sildegarna (og -nøtene) gjerast i stand. Far min var fiskar om hausten/vinteren (og kvalfangar om våren/sommaren) og var med på dette fisket. Når han bøtte sildegarna nede i kjellarstova, snakka han ofte om fingerspenn. Han meinte då spriket mellom tommelspissen og spissen av peikefingeren. Eg ser han for meg der han sat og målte opp storleiken på hol i garna og andre ting. Dette var med andre ord ikkje noko objektivt mål på storleik. "

    Så her var altså den kortare varianten av fingerspenn i bruk. Ser ein på engelske bibelutgåver, er ofte ordet ”span” brukt i t.d. omtalen av Goliat. Og engelsk ”span” svarar til det norske ”spann” eller ”spenn”. Nett som på norsk, har ordet to tydingar, både det vesle og det store fingerspennet. Breivik, som er pensjonert professor i engelsk språk, viser til definisjonen av ”span” i Oxford English Dictionary:

    ”The distance from the tip of the thumb to the tip of the little finger, or sometimes to the tip of the forefinger, when the hand is fully extended; the space equivalent to this taken as a measure of length, averaging nine inches.”

    SvarSlett
  2. Dette var artig. Jeg leste nettopp den samme formuleringen i Samuels bok.

    SvarSlett