torsdag 19. mars 2015

Kule ord (16): personal

Trim på arbeidsplassen kan vera god
personalpolitikk, eller god HR-politikk (foto:
Henrik Svedahl, Norges vassdrags- og
energidirektorat, Wikimedia Commons).
Vegen til eit kult ord går stundom via eit ukult. Slik er det denne gongen. HR er etter kvart eit godt kjent ord for folk som arbeider med personaloppfølging. Og før var det nettopp "personal" som var det vanlege ordet. Bedrifter og offentlege institusjonar hadde personalavdelingar og personalsjefar. No er det mange som heller vil ha HR-sjefar og HR-avdelingar.

Det er to problem med HR. For det første er det er det ei forkorting, for det andre kjem det frå eit framandspråk (engelsk). Spør du mannen i gata kva ei HR-avdeling er, trur eg svært mange vil vera usikre. Langt fleire vil nok vita litt om kva ei personalavdeling driv med. Og litt av vitsen med ord er vel at folk skal skjøna dei.

Ei innvending mot personal er at ordet gjerne blir oppfatta som litt smalt, og at ordet visst nok gjev assosiasjonar til meir typiske administrative og forvaltningsprega oppgåver, heller enn til utviklingsarbeid o.a. Men reint språkleg er det ingen grunn til at "personal" skal vera snevrare enn "Human Resources". Og om ein føler at personal har ein litt snevrare valør av ein eller annan grunn, så er ord umåteleg fleksible. Innhaldet kan tøyast, snevrast inn og utvidast over tid. Ofte er det ein betre strategi enn å springa etter dei siste nye moteorda.

Ein liten diskusjon om overgangen frå personal til Human Resources ved Universitetet i Stavanger ligg her

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar