søndag 5. april 2015

Den første tomaten

Ikkje alltid kjærleik ved første bitt
(Foto: Goldlocki, Wikimedia Commons).
Noreg er eit lite land, som kjent, men på visse felt boksar vi over vektklassen vår. Dette gjeld mellom anna innanfor misjon, der vi på frå 1800-talet av sende ut mange misjonærar til både Zululand, Madagaskar og etter kvar mange andre land i Afrika, Asia og Amerika. Med misjonen oppsto kulturmøte, og derifrå fekk vi misjonslitteraturen. Ein av dei mest populære misjonær-forfattarane var den produktive og fargerike Johannes Einrem frå Vefsn. I mai 1893 drog han frå fedrelandet i lag med ei gruppe andre unge. Misjonsskipet Paulus la ut frå misjonshovudstaden Stavanger, og etter lang tid på sjøen nådde dei endeleg fram til Madagaskar.

I boka Gjennom grønne briller fortel Einrem om både sakalavar og andre røvarar, kongar og gutungar, prinsesser og frigitte slavar, heidningar og dåpskandidatar.  Eimrem må ha brydd seg om folka han møtte, for han får med seg livshistoriene deira. Men det er ikkje dei dramatiske lagnadene det skal handla om her. Det skal handla om Einrems første møte med tomaten, eller meir presist første gongen han sette tennene i denne fine, raude frukta – eller grønsaka. Og dette første møtet skjer like etter at han har nådd Madagaskar om bord på misjonsskipet Paulus, og han har stige i land for første gong på den store øya i Indiahavet:

Ellers kjøpte matrosene engelsk syltetøy, laget av sirup og noen fruktsteiner. Vi andre, som hadde større fordringer, kjøpte frukt, hver etter sin smak og sin visdom. Det meste var bananer. Jeg, tosken, valte tomater. Disse rosenrøde, forlokkende frukter måtte være herlige saker, tenkte jeg, og kjøpte for alle de småpengene jeg hadde i lommen.

Kommet om bord så jeg med forakt på de andres mattgule, støvete bananer. Da hadde jeg funnet noe ganske annerledes storartet og ville straks nyte min visdoms frukt.

Å, hvor jeg spyttet, og slik som de lo av meg! Jeg grep kurven for å hive hele stasen over bord. Men kokken, som var klokere enn jeg, ba om å få tomatene, og så gikk de til byssen. (frå boka Gjennom grønne briller, 1966, s. 8-9. Boka kom første gong ut i 1912). 


Tomaten er eit av mange innslag i ein allminneleg norsk frukt- og grønsaksdisk som var ukjent for nordmenn på den tida Johannes Eimrem for til Madagaskar. Forresten så er omtalen av "engelsk syltetøy" ganske fortent.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar