mandag 9. februar 2015

Kule ord (15): bjølla

Heim til bjølling? (Foto: Rennett Stowe)
Det å bjølla betyr vanlegvis å ringa med ei bjølle. Men i alle fall i delar av Nordhordland er dette verbet òg brukt i ei anna meining, som namn på ein skikk som kanskje ikkje lenger finst.

Når nokon hadde kjærasten med seg til heimplassen for første gong, hende det at andre i bygda "bjølla" dei to. At to var blitt i lag, var ei viktig hending som skulle markerast, men på ein litt skjemtande måte. Stilt gjekk ikkje denne bjøllinga føre seg. Lokale ungdomar gjekk til huset der kjærasteparet var, og laga leven t.d. med å slå på oljefat og "spela" på husveggen med fjøler. Målet var at dei to skulle koma ut på trappa og møta sambygdingane.

Liknande skikkar fanst sikkert andre stader i landet òg. Det vesle eg har skrive ned om bjøllinga i Nordhordland her, har eg fått fortalt frå foreldra mine som no er i 80-åra og kjem frå kommunane Austrheim og Fedje. Eg skulle likt å vita meir både om bjøllinga på strilelandet og liknande skikkar frå andre stader i landet. Dessutan skulle det vore interessant å vita om det framleis hender at kjærastepar blir bjølla.

Bjøllinga er jo elles litt i slekt med den spøkefulle og litt karnevalsaktige skotringa i bryllaup.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar