Frå det koptiske Kairo (foto: Daniel Mayer, Wikimedia Commons) |
Klaus
Wivel er journalist i danske Weekendavisen. Han karakteriserer seg sjølv som
ateist, men har interessert seg for dei kristne i Midtausten. Boka hans fortel
ikkje den rosenraude historia om fredeleg sameksistensen mellom kristne og
muslimar i samfunn dominert av islam.
Utgangspunktet
for Den siste nattverd var eit ope
brev Wivel skreiv til den danske utanriksministeren i oktober 2011, der han
spurde kva Danmark ville gjera med dei mange kristne som vart pressa til å
forlata Egypt. Utanriksministeren
gav ikkje noko svar. Dermed reiste Wivel til Gaza, Vestbreidda, Egypt, Libanon
og Irak for å finna ut meir om stoda for dei kristne i desse områda. Resultatet
av denne rundreisa vart boka Den siste
nattverd, som først kom ut på dansk i 2013, og som året etter kom på
Hermon forlag i Norge.
Journalistikk
Boka er
drivande god journalistikk. Forfattaren har reist rundt i Midtausten, møtt
menneske og intervjua dei. Samtalane, opplevingane og inntrykka han formidlar, gjev
eit unikt innblikk i livet til kristne menneske i denne urolege delen av verda.
Den grunnleggjande forteljinga handlar om ein religiøs minoritet pressa av muslimsk
dominans og trekt mot utvandring til Vesten.
Dette er
det overordna biletet, og det er klart nok. Samstundes er boka ein mosaikk sett
saman av mange menneske med ulike opplevingar og til dels motstridande
meiningar. Her er eit lite knippe: Den lutherske presten i Betlehem som krast
fordømer Israel. Den frittalande tidlegare leiaren av ein kristne tv-kanal på
Vestbreidda. Den gresk-ortodokse erkebiskopen på Gaza. Den unge egyptiske
bloggaren som har søkt tilflukt som student i Tyskland. Den kristne
forretningskvinna på Vestbreidda. Den amerikansk-inspirerte evangelisten på
Vestbreidda. Den islamistiske tv-predikanten i Kairo. Sosiologen frå Nederland,
som har slått seg ned i Egypt, og svarar «et klart nei» på om det finst
forfølging av kristne. Den koptiske presten i Kairos «søppelby». Sonen til
libanesaren som var med og forfatta FNs menneskerettsfråsegn. Tannlegen som
ønskjer å tilby turistar frå Vesten ein kombinasjon av tannlegehjelp og
ferieliv i Beirut. Den libanesiske professoren og menneskerettsforkjemparen som
vil forklara dei store skilnadene som har vokse fram mellom Vesten og Midtausten. Menneske
i Erbils kristne bydel Ankawa. Den
ustoppelege anglikanske presten Andrew White i Bagdad. Mannen frå Bagdad som
fekk to av borna sine skotne og drepne då familien sat saman i stova og såg
fjernsyn.
Klaus
Wivel har møtt desse og mange, mange fleire. Nokre av menneska han har samtalt
med, er biskopar, politikarar og andre samfunnstoppar. Andre er det vi ville
kalla alminnelege menneske. Dermed får han eit breiare bilete enn mange andre
som meiner noko om Midtausten.
Eit omdømeproblem?
Er ei
slik bok med på å skapa eit fiendebilete av islam? Journalisten Wivel ser ikkje
ut til å ha nokon antimuslimsk dagsorden. Men når han viser korleis kristne i
Midtausten er gjort til andrerangs borgarar, kan mange få styrka eit negativt
bilete av muslimar. Det er eit dilemma, for det ville vera best for alle om vi
kunne dempa konfliktnivået i staden for å byggja det opp. Kanskje er det også slik
den hollandske sosiologen Cornelius Hulsmann tenkjer. Han arbeider for dialog,
og Wivel blir med på eit møte der Hulsmann har invitert inn ein islamistisk
tv-predikant. På spørsmål frå ein annan muslim som deltek på møtet, svarar
predikanten at ein muslim som konverterer til kristendommen, ifølgje Koranen
skal avrettast. Og det er ingen tvil om at predikanten stiller seg bak det
Koranen seier. Han meiner ein som skiftar frå islam til ei anna tru, fortener
døden viss konvertitten går ut offentleg med den nye trua. Episoden endar med at
Hulsmann ser ut til å glatta over det heile med følgjande kommentar til
predikanten: «Du skremmer folk med å snakke på den måten». (s. 103)
Som om det
først og fremst var eit omdømeproblem vi sto overfor.
Og
nettopp her trur eg vi er ved kjernen: I eit samfunn (som Egypt) der det store
fleirtalet støttar dødsstraff for den som forlet islam, der den lokale
rettspleia kan slå blodig urettferdig ut for kristne fordi dei er kristne, og
der kristne i det heile er andrerangs borgarar, er ikkje problemet først og
fremst at islam får eit dårleg image. Problemet er at det finst minoritetar som
må leva under eit konstant og urettferdig trykk frå fleirtalet. Og til dei som
meiner det er uklokt å engasjera seg for ei enkelt gruppe – t.d. kristne – i desse
samfunna, har Wivel følgjande svar: «Vi savner fortsatt å høre om en
katastrofal situasjon som løser seg selv ved at man unngår å sette søkelys på
den» (s. 269).
Viktig bok
Det er
det kristelege forlaget Hermon som har gitt ut boka til den danske ateisten. Omsetjaren
har gjort ein fin jobb, og språket er godt. Ein snurrig detalj må eg likevel
nemna her, nemleg at plassen framfor Fødselskyrkja i Betlehem blir omtala som «Manger-plassen».
Nei, sentrum i Radøy kommune har nok ikkje fått ein plass kalla opp etter seg i
Jesu fødeby, det er nok heller ein anglisisme som har snike seg inn. På norsk
må det heita Krubbeplassen, eller Krybbeplassen om ein vil.
Men det
er berre ein liten detalj. Hovudsaka er at dette er ei viktig, velskriven og
god bok. Alle som vil skjøna litt meir av kvardagen til kristne i
Midtausten, vil ha stor nytte av å lesa Den
siste nattverd.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar