fredag 14. november 2014

Litt meir om ordet kokkelur

Portrett av skjelsamlaren Jan Govertsen van
der Aer. Måla av Hendrick Goltzius i 1603.
(Frå Wikimedia Commons)
Ronny Spaans er journalist i vekeavisa Dag og Tid. Dessutan leverte han i juni inn doktorgradsavhandlinga si ved nederlandskfaget på Universitetet i Oslo i juni. Avhandlinga dreier seg om den nederlandske diktaren Joannes Six van Chandelier, som var kjøpmann i eksotiske varer, mellom anna framande skjel. 

Nettopp. Dermed er vi inne på ordet kokkelur igjen, og eg gjev ordet til Spaans:

Eg tok ein rask titt på bloggen din. Interessante innlegg om "kokkelur". Eg tenkte nederlandsk "koekeloeren" hadde samanhang med "koekoek", "gauk". Eg slo opp i Woordenboek der Nederlandsche taal. Der kjem det fram at ordet har med fuglespråk å gjera, altså "kakle", "gala" osb - men "gauk" var ikkje nemnt, det var derimot "hane" i ordet "koekeloerenhaan", som er barnspråk for hane.

Men så slo eg opp på "koekeloer" - der såg eg at det er tale om homofon: to like ord med ulike tydingar. Det fyrste går attende på "hane", det andre på det du skriv om i bloggen, "snigl". "Koekeloeren" i den andre tydinga på nederlandsk er altså samanfallande med norsk "kokelure", sjå nedanfor.

Men så gjekk eg til "kukelur" i Norsk Ordbok; der ser eg at det òg kan tyde "hanegal" og "bastard av tiur og orrfugl" på norsk:
 
http://no2014.uio.no/perl/ordbok/no2014.cgi?soek=kokkelur#ariadne=[[|188478|,0,|kokkelur|],[|135299|,|1129|,|kukelur|]]

"Koekeloer" i tyding av hane må altså også ha vore avgjerande for norsk bruk av "kokkelur". I den nederlandske ordboka fann eg uttrykket " koekeloerenhanen, kraaien als een haan", det tyder "å te seg frekt og uforskamma".

Kanskje det ligg til grunn for "ranværingskukelur", som eg fann i Norsk Ordbok, eit utnamn på ranværingen? Men sidan, som du skriv, kukelur, er eit utbreidd namn på strandsnigl i Nordland, er vel sniglen opphavet for dette namnet òg.

Nederlandsk folkeetymologi seier ordet har med "loeren" å gjera. Det spørst om ikkje norsk "lure" òg har hatt ei forsterkande kraft på ordet. Ja, eit anna ord òg. Snur du om på "kuke-lure", så får vi eit anna uttrykk...

I allefall, nederlendarane på 1600-talet var ville etter skjel frå framande strok - purpursnigl, konkylie osb. var samlingsobjekt i raritetskabinett i perioden. Raspa snigl vart òg nytta som kosmetikk. Kanskje har den store interessa for skjel og sniglar ført ordet opp til Norden?

Så langt Ronny Spaans, som òg sender med lenke til nokre måleri som viser interessa for skjel og konkyliar hjå nederlandske 1600-talskunstnarar. Eitt av dei er avbilda over til høgre.
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar