tirsdag 28. oktober 2014

Bibelen, ebola og Finnmark

Eigna til utdeling? (Foto: Frrahm, Wikimedia Commons)
Innlegget nedanfor står òg på Verdidebatt.no

Bibelselskapet samlar inn pengar for å senda biblar til Liberia, og gjer det under tittelen ”Ebola-rammede i Liberia ønsker bibler!”. Og her er litt av teksten frå annonsen:

Bibelselskapet i Liberia forteller om mange tusen ebolasyke og pårørende som ønsker en bibel til trøst og støtte. En bibel koster KUN kr 20,-

Dette har fått Norsk Folkehjelp til å hissa seg opp og bruka sterke ord. Sjefredaktør Helge Simonnes i Vårt Land ser ikkje ut til å hissa seg opp, heldigvis. Men han meiner det er grunn til å tenkja over kva for ”signaler” annonsen sender, og han er redd tittelen kan skugga for det perspektivet bibelselskapet eigentleg vil formidla.

Og så var det Ungdom i Oppdrag og Finnmark då. Unge frå organisasjonen går på dørene til finnmarkingar, deler ut biblar og bed ei bøn for folk. Vårt Land har både dekka aksjonen og følgd opp med ei heller negativ oppfølgingssak. Det er sjølvsagt lov. Journalisten har kritiske spørsmål og førsteamanuensis Asle Eikrem ved MF har innvendingar. Eikrem meiner at ein slik bibelmisjon ”selvfølgelig ikke (er) en ideell måte å bli introdusert for kristen tro på. Det finnes mange bedre måter, som Alphakurs, og så videre.”

Kjære Helge Simonnes. Ikkje ver uroleg for signaleffekten når saka er god. Viss det er riktig at mange ebolaramma og deira næraste ønskjer seg ein bibel til ”trøyst og støtte”, er det ikkje bra at nokon samlar inn pengar til dette? Det er vel ikkje Norsk folkehjelp sine representantar eller andre her i Noreg som skal bestemma over kva behov ebola-sjuke menneske opplever at dei har. Lytt til dei som har skoen på, og som veit kor han trykker, det er eit uttrykk for respekt. Det er jo ingen motsetning mellom å gje biblar og den innsatsen som blir gjort for å gje medisinsk hjelp. For kristne har det til alle tider vore viktig å søkja fred med Gud. Mange vil gjerne snakka med ein prest, ta imot nattverd og høyra noko frå Bibelen (også) når livet går mot slutten. Even in Norway. Så lytt til dei ebolasjuke og dei som kjenner dei. Har dei eit sterkt ønske om ein bibel, så kan vi jo hjelpa dei med det i tillegg til medisinsk og praktisk hjelp. Den kyrkja eg kjenner, har eit ønske om å hjelpa både gjennom å gje folk Guds ord og hjelpa sjuke, fattige og einsame.

”Bibler kan når tiden er riktig overleveres til de overlevende,” skriv ein debattant i kommentarfeltet under artikkelen til Simonnes. I respekt for sjuke og døyande menneske bør dei få biblar no viss dei sjølve ønskjer det. Dei sjuke og deira pårørande veit nok best sjølve når tida er riktig.

Kjære journalist Alf Gjøsund og førsteamanuensis Alf Eikrem. Alphakurs er flott, og det kan godt henda slike kurs er ein av mange betre måtar å formidla evangeliet på. Alle som vil, kan jo gjera det dei har tru for. Men no er det altså ein gjeng unge entusiastar frå Ungdom i Oppdrag som har kome seg ut i vinterkulda, gått på besøk og delt ut biblar. Vi får tru finnmarkingane står han av om det kan vera tøft lesestoff både i 1. Mosebok og lenger bak i boka. Og om folk blir forundra, fascinerte eller provoserte av å lesa – så er det kanskje ein god ting uansett. Eg ser ikkje vekk frå at det kan koma noko positivt ut av eit møte med både Bibelen og unge menneske frå Ungdom i Oppdrag. Folka frå UiO har i alle fall gjort eit forsøk på å skapa kontakt mellom kyrkja og folk flest. Andre menneske brukar andre metodar, og er sjølvsagt velkomne til å gjera det. Kanskje det er ein stor styrke om ulike menneske på ulike måtar prøver å formidla evangeliet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar