onsdag 12. mars 2014

Kokkelur (IV) - ein språkleg tvilling


Sit han og kokkelurar? (Foto: Boston
Public Library, henta frå Wikimedia Commons)
Substantivet «kokkelur» har ein språkleg tvilling, verbet å «kokkelura». Ifølgje Nynorskordboka tyder dette å sitja åleine og grubla. Norsk ordbok har registrert ei større breidd av ulike tydingar, frå den Nynorskordboka nemner, til å vera tiltakslaus, til å sitja ihopkrøkt og gøymt og søkja livd, til å roa seg, varma seg, hyggja seg (i sin eigen heim), til å småpusla, og jamvel flørta og kurtisera. 

No spurde ikkje eg folk om kva dei la i verbet kokkelura, men mange nemner det likevel. Desse kommentarane kjem òg frå folk som ikkje kjenner til substantivet kokkelur brukt om strandsniglar. Ut frå e-postane eg har fått inn, ser det ut til at verbet er meir geografisk utbreidd enn substantivet. Nedanfor listar eg opp nokre smakebitar på forklaringar som kom inn. Utan geografisk heimfesting denne gongen, sidan eg tvilar på at dette er så avgjerande for meininga som blir lagt i ordet.

«Om æ går rundt å «kokelurer» så går æ vel rundt å tenke/funder/evt småpyssle med ting og tang»

«Det betyr å sitte å ruge på noe alene, eller at to personer småprater om noe fortrolig»

«å sitje gjerandelaus og gruble på ting»

 «Styrar, driv med sitt, gjer ikkje noko spesielt, gjer noko udefinerbart. Døme: «Han er no nede i kjellaren og kokelurar», «Ho sit borte på golvet her og kokelurar med sitt», «Han sit vel inne på kontoret sitt og kokelurar med noko».»

«å sitja å fundera på noko (inneslutta i sitt eige skal, utan å ansa kva som foregår)»

«Kom òg på at ein kan seia noko slikt som «ka e da du set å kokkelurar på no?» Då lurar ein på kva personen pønskar på, om det er eit eller anna lurt han tenkjer på å gjera når han sit stille og ikkje seier noko».

«å gjera ingenting, eller å ikkje ha mål og meining»

«et uttrykk for å trekke seg tilbake, gjerne furte litt i skjul, sitte for seg selv og være litt misfornøyd. Så det kan jo ha samme opprinnelsen – nemlig å trekke seg tilbake i sneglehuset ;)»

 
Måndag: Kokkelur (I) – om ordet og kor det blir brukt
Tysdag: Kokkelur (II) – med andre ord
I går: Kokkelur (III) – litt kulturhistorie
I morgon: Kokkelur (V) – kor kjem ordet frå?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar