tirsdag 11. mars 2014

Kokkelur (III) - litt kulturhistorie

Kokkelurane har ikkje fått sitt eige norske
frimerke, men det har slektningen nakensnigel.

Dyr og plantar er ikkje berre biologi og natur. Skapningane kjem i kontakt med oss menneske, vi ser dei og gjev dei namn. Dermed er dei òg kultur. Ikkje berre set vi namn på dei, men vi brukar dyr og plantar på ulike måtar. Nokre skremmer oss, andre set vi stor pris på. Vi tenkjer oss at dyr har menneskelege eigenskapar og kjensler, utan at vi eigentleg veit så mykje om kva som går føre seg i hovudet på eit dyr. Vi karakteriserer folk ved hjelp av dyr – dum som ein sau, lur som ein rev, glatt som ein ål.


Dyr som sau og hund har spela ei stor rolle for oss og levd tett på menneska i uminnelege tider. Dei små, grå fjøresniglane stiller slik sett i ein lågare divisjon. Likevel har vi til ein viss grad brukt desse kokkelurane, kalla opp nokre få stader etter dei og nytta ordet som skjellsord.

Strandsniglane er blitt brukte til agn, så langt eg kjenner til helst av born. To av informantane mine frå Nordhordland og ein frå Sunnmøre nemner dette. «Då vi var små knuste vi kokelurar og brukte innmaten til agn, vi fiska småfisk. Eg har fiska hundrevis av fisk på den måten», fortel ei kvinne i førtiåra frå Austrheim. Og dottera bed henne fortelja at «det virker sinnsykt godt». Ei kvinne frå Sveio i Sunnhordland fortel at sniglehusa vart nytta i  barneleik: «Samla på dei og leika med dei og hadde dei til pynt. Det var gjevt å finna store, fine kokelurar».

Det finst òg stader som er kalla opp etter den vesle grå skapningen, sjølv om det neppe er så mange av dei. Sentralt stadnamnregister (SSR) har registrert stadnamn frå heile landet basert på kartblad, og her er det registrert fire stader med kokkelur i namnet: Kokkelurdalen i Rana, Kokkelursdalen i Sund, Kokkelurtjønna på Smøla og neset Kukkeluren i Eid.  SSR fangar ikkje opp alle smånamn, og som nemnt i den første artikkelen, finst Kukelurvika både i Selje og i Vågsøy i Nordfjord. Eg er ingen ekspert på stadnamn, men reknar med fleire av desse namna kjem frå «kokkelur» i tydinga strandsnigel. Det finst nemleg nokre stader i landet der ordet «kokkelur» òg er brukt om kongle. I Ulvik i Hardanger finst Kokkelurstrånde, og i Stadnamnsamlinga er det under denne registreringa forklart at kokkelur tyder «kongla av furu og gran». Fleire stadnamn med «kokkelur» finst sikkert. Den som leitar, må hugsa på å bruka fire ulike skrivemåtar i søkinga: «kukelur», «kukkelur», «kokelur» og «kokkelur».

Frå Nordfjord og Sunnmøre har eg òg fått opplysningar om at ordet vert brukt som eit skjellsord. «Ordet blir brukt som svært mild bannskap, for å skildre nokon ein oppfattar som mindre begava: ‘din kokelur!’» (Selje). Og frå Sunnmøre heiter det at ordet «vert også på skjemt benytta om ein person som ikkje er av dei raskaste i landet til å utføre praktisk arbeid og gjerne ynskjer om mulig å unndra seg sin del av eit felles arbeidsansvar» (Sande).

Det er ingen av informantane mine som har meldt inn at det var vanleg å nytta strandsniglar som menneskemat der dei kjem frå. Kystfolket på Vestlandet har nok vore litt kresne med kva dei putta i munnen av det som levde i sjøen. På strilelandet var det nærast eit munnhell at «da e mykje stygt i sjødn», og ikkje kva som helst slapp inn på menyen heller. Skilnaden mellom fisk og ufisk er ikkje innlysande, og det folk langs kysten ikkje vørde på, kunne vera ei delikatesse under litt andre himmelstrok. Som ein av informantane skriv om strandsniglane: «Vi brukte gjerne innmaten til agn når vi fiska mort. No er innmaten god folkemat, på linje med blåskjel m.v.» (Vanylven). Heller ikkje ser eg for meg at formødrene våre langs kysten ville gått rundt med sniglehus som øyredobbar. Men kreative sjeler finn på så mangt, og på nettet kan ein lesa om kokkelur-øyredobbar, marknadsført som «en hyllest til eksotiske Norge med sine flotte skatter i strandkanten».

Måndag: Kokkelur (I) – om ordet og kor det blir brukt
I går: Kokkelur (II) – med andre ord
I morgon: Kokkelur (IV) – ein språkleg tvilling
Fredag: Kokkelur (V) – kor kjem ordet frå?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar