mandag 10. mars 2014

Kokkelur (II) - med andre ord

Søndagskokkeluren, betre kjent som
purpursnigel - ein estetisk fulltreffar.
(Foto: Jeffdelonge, Wikimedia Commons) 
«Kokkelur» brukt om strandsniglar er vanleg frå Hordaland og nordover mange stader langs kysten. Men det finst fleire andre ord på desse små skapningane med skal. Når eg har røkt etter ordet kokkelur, har det dukka opp ein del slike. Eg har ikkje spurt spesielt om å få inn andre ord for strandsniglar, men fleire har likevel kome med slike opplysningar.

Ein av informantane mine fortel at kona under oppveksten i Øksnes i Vesterålen brukte ordet «bubbelur». Det minner jo mykje om kokkelur. Frå Tustna på Nordmøre blir ordet «bohund» rapportert inn av ei som òg kjenner ordet kokkelur. Frå Sande på Sunnmøre fortel ein av informantane at to ulike ord er i bruk: «Ein skil gjerne mellom dei største «husa til strandsniglane» som vert kalla «kokelur» og dei mindre som vert kalla «koning».» Frå Haugalandet i Nord-Rogaland blir ordet «kubonk» rapportert inn. Det same ordet melder ein person frå Sandnes, som riktig nok ikkje er heilt sikker på om han har ordet derifrå eller frå sommarferiane på Bømlo. Frå Mosterøy i same fylket fortel ei kvinne tidleg i trettiåra at der vart strandsniglane kalla «kobbongar». Og ei kvinne i same alder frå Stavanger voks opp med det same ordet.

Kjem ein lenger sør til Dalane i Rogaland blir ordet «kuonge» rapportert inn. Det same ordet kjem frå ein av informantane frå Kristiansand.

Så variasjonen er stor: sniglehus, kokkelur, buhund, koning, bubbelur, kubonk, kobbonge og kuonge. Og all denne språklege rikdomen er aust ut over nokre smålåtne gråbrune skapningar som ekar seg rundt mellom rur og tong i fjøra. Forresten skal eg ta med eitt til ord før dagens epistel blir runda av, og det er ein variant av «kokkelur». Far min, som har runda 80 år, fortel at han i oppveksten på Fedje i Nordhordland kalla dei kvite, litt avlange sniglehusa som gjerne står i klynger på berga, for «søndagskokkelurar». Kvite, nyvaska og pynta til helg – slik ser dei ut. Purpursniglar er det vanlege namnet. Den som har sett ein koloni av desse stå tett saman på svaberget, veit at dei er vakre. Og vene namn har dei fått.

I går: Kokkelur (I) – om ordet og kor det blir brukt
I morgon: Kokkelur (III) – litt kulturhistorie
Torsdag: Kokkelur (IV) – ein språkleg tvilling
Fredag: Kokkelur (V) – kor kjem ordet frå?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar