søndag 9. mars 2014

Kokkelur (I) - om ordet og kor det blir brukt


Strandsiglar eller fjøresniglar, som òg vert kalla kokkelurar
(Foto: Dénes Emőke, Wikimedia Commons).

I nokre område langs kysten blir strandsniglar eller fjøresniglar kalla «kokkelurar». Desse små blautdyra lever i fjøra og held til i sniglehus, og skala eller husa er vanlegvis i ulike sjatteringar av grått, brunt og svart. Sniglane lever både nede i sjøen og like over, og dei ulike artane av strandsniglar plasserer seg litt ulikt i fjørebeltet.


Skal ein vera litt meir presis, kan ein spørja om det er snigelen, skalet eller kombinasjonen av snigel og skal som blir kalla kokkelur. Dette kan det nok bli gitt litt ulike svar på, men inntrykket mitt er at «kokkelur» mest naturleg blir brukt om anten berre skalet eller om skal med snigel inni. Eg er litt meir usikker på kor naturleg det er å bruka ordet om sjølve blautdyret dersom det er lausrive frå huset sitt. Eit tomt sniglehus på stranda vil eg kalla ein kokkelur. Og om eit lite krepsdyr har teke over residensen, vil eg kalla det ein kokkelur med kreps inni. Eg er litt meir i tvil om eg ville ha brukt ordet kokkelur dersom eg fekk servert huslause strandsniglar til eit måltid. Men eg er for så vidt òg i tvil om eg ville smakt på maten med særleg entusiasme. Det kan vidare diskuterast om ein del andre saltvassniglar med hus – slik som purpursnigel og kongesnigel – til vanleg blir kalla kokkelurar. Sjølv ville eg nok gjort det. Hagesniglar med hus er òg eit tvilstilfelle, men inntrykket mitt at det er lite vanleg å bruka ordet her.

Men lat no slike tvilstilfelle liggja. Utgangspunktet mitt var at «kokkelur» er eit interessant ord. Og sidan eg sette det som namn på bloggen min - rett nok med enkel k, men det har eg angra på seinare - ville det vera greitt å finna ut litt meir om ordet i same slengen. Så då eg starta med bloggen for vel to år sidan – tidleg i januar 2012 – sende eg ein e-post med nokre spørsmål om ordet til folk eg kjenner, i all hovudsak menneske som har vokse opp langs kysten.

No har svara lege til ettermogning eit par år, og eg har funne dei fram att. Hovudspørsmålet til dei eg kontakta, var om dei frå oppveksten sin kjende til ordet «kokkelur» brukt om sniglar. I tillegg bad eg folk koma med andre kommentarar til ordet. Til saman 33 personar svarte på spørsmåla, og i all hovudsak er undersøkinga konsentrert om kystfylka frå og med Møre og Romsdal i nord til og med Rogaland i sør. Nokre få informantar kjem dessutan frå Vest-Agder eller frå kysten nordom Vestlandet. Fleire av informantane har dessutan rådført seg med ektefelle, søsken, foreldre eller andre, og eg har sjølv spedd på med opplysningar frå eit par personar i tillegg til dei som i utgangspunktet fekk e-posten. Dermed er denne vesle undersøkinga noko breiare enn dei 33 personane som svara på e-posten dei fekk om ordet «kokkelur».

Ser ein på dei 33, fordeler dei seg slik frå nord til sør: 1 frå Finnmark, 1 frå Nord-Trøndelag, 1 frå Nordmøre, 2 frå Romsdal, 2 frå Sunnmøre, 3 frå Nordfjord, 2 frå Sunnfjord (den eine med delvis oppvekst i Nordland), 1 frå indre Sogn (med delvis oppvekst i Østfold og Fana), 9 frå Nordhordland, 1 frå Hardanger, 2 frå Sunnhordland, 1 frå Haugalandet, 1 frå Ryfylke, 2 frå Jæren, 1 frå Dalane i Rogaland, 1 frå Kvinesdal og 2 frå Kristiansand. Av dei som svarte, var litt over ein firedel kvinner. Aldersspennet er ganske breitt, frå slutten av tjueåra til kring sytti. Når eg seinare refererer til informantane, knyter eg dei oftast til kommunane dei voks opp i, for å gjera opplysningane meir presise.

Informanten frå Nord-Noreg (Hammerfest) kjenner ikkje til at ordet «kokkelur» vart brukt om sniglar der han voks opp. Den eine informanten frå Nord-Trøndelag tvilar på at det er vanleg brukt i hans generasjon, men meiner han kjenner til denne bruken av ordet frå sin eigen barndom. Likevel vart han meir usikker etter at han hadde «muntlig spurt flere trøndere i forskjellig alder, men til min forundring var det ingen som kjente til denne betydninga av begrepet». Men eg har altså svært få informantar nord for Møre og Romsdal, m.a. ingen frå Sør-Trøndelag. Så skal ein finna kor utbreidd ordet er nord for Vestlandet, må ein undersøkja langt betre både langs trøndelagskysten og vidare nordover. Nokre enkle internettsøk ved hjelp av google tyder på at ordet i alle fall er brukt i delar av Nord-Noreg.

Flyttar vi oss litt sørover langs kysten, kryp kokkelurane fram. Fire av informantane frå Møre og Romsdal kjenner til ordet brukt om sniglehus i fjøra (Tustna, Fræna, Haram/Sandøy og Sande). Den femte kjenner ikkje til ordet i denne tydinga, men ho er òg den yngste eg har spurt frå dette fylket. Far hennar, som voks opp på femti- og sekstitalet, var van med at ordet vart brukt om dei minste sniglehusa i fjøra, «dei gråsvarte som syg seg fast i steinete fjører, og er lette å plukke».

Dei tre informantane frå Nordfjord kjenner ikkje til ordet «kokkelur» brukt om strandsniglar (Selje, Måløy i Vågsøy og Raudeberg i Vågsøy). Men informanten frå Måløy opplyser at mora meiner å hugsa at «kukelur» vart brukt om sniglar då ho var barn. Han kan òg visa til ein badeplass i Vågsøy som heiter Kukelurvika, og søkjer ein på kulturnett.no, finn ein det same stadnamnet i nabokommunen Selje. At ordet finst i stadnamn, og at foreldre kjenner det, men ikkje neste generasjon, kan tyda på at ordet er på veg ut i nokre område. Skal ein slå dette fast, trengst det likevel eit fyldigare materiale.

Informanten frå Førde i Sunnfjord kjenner òg til denne bruken av ordet, men kan ikkje seia sikkert om det var brukt i Førde, eller om han berre har det frå tilknytinga si til Sunnmøre. Ein informant på rundt tretti frå Gaular kjenner ikkje til ordet, heller ikkje den eine informanten frå indre Sogn kalla strandsniglar for kokkelurar i barndomen. Begge desse har delar av oppveksten sin frå andre stader i landet. Her bør det leggjast til at det kunne vore interessant med fleire informantar i Sunnfjord og Sogn, ikkje minst ytre Sogn.

Nordhordland er det området som er klart best dekka i undersøkinga. Av ni personar – som fordeler seg på kommunane Fedje, Austrheim, Radøy, Meland og Øygarden – kjenner alle bortsett frå to til at ordet «kokkelur» i oppveksten vart nytta om sniglar. Den eine informanten frå Hardanger er ikkje kjent med denne bruken; det er derimot dei to frå Fitjar og Sveio i Sunnhordland.

Men så er det stopp. Fem personar frå ulike delar av Rogaland er spurt, og tre frå Vest-Agder. Ingen av dei er kjende med at «kokkelur» vart brukt om strandsniglar der dei voks opp.

Kort oppsummert er ordet «kokkelur» om strandsniglar kjent i store delar av dei tre nordlegaste vestlandsfylka. Men i overgangen frå Hordaland til Rogaland ser ordet ut til å forsvinna, og det er kanskje det mest interessante funnet mitt. Ein lærar med oppvekst på Haugalandet fortel at han ikkje hadde støytt på ordet før han kom til Meland i Nordhordland: «Eg hørde ordet «kokelur» første gong eg hadde med elevar frå Rossland skule i fjøra». Den vesle undersøkinga mi kan derimot ikkje seia noko særleg om kysten nordover langs Trøndelag og Nord-Norge, sjølv om det er tydeleg frå andre kjelder at ordet er kjent i alle fall i delar av dette området òg. Den såkalla Metaordboka knytt til  Norsk Ordbok har t.d. fleire registreringar frå Nord-Noreg av kokkelur brukt om sjøsniglar. Det kunne òg vore spennande å undersøkja meir langs kysten av Sørlandet og Austlandet, sjølv om eg tvilar på at ordet er brukt der.

I morgon: Kokkelur (II) – med andre ord
Onsdag: Kokkelur (III) – litt kulturhistorie
Torsdag: Kokkelur (IV) – ein språkleg tvilling
Fredag: Kokkelur (V) – kor kjem ordet frå?

6 kommentarer:

  1. Jeg er fra rogaland. Jeg visste ikke at det blir brukt om snegler. Men interessant nok kan jeg fortelle at ordet er i bruk her i fylket. Om man sier at noen kukelurer (skrivemåte-uttalt kokkelurer) mener man at de sitter isolert for seg selv, ofte med betenkninger. Eks: "hvorfor sitter du der og kukelurer?" Det morsomme er at dette stammer fra (gjennom flere oversettelser på flere språk) det latinske ordet for konkylie, som betyr sneglehus... en snegle inne i sitt hus kan man jo si at er ganske isolert, herav betydning av dagens bruk :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Slik kjenner også egtil ordet kokkelur frå min eigen barndom og oppvekst på Sunnmøre.

      Slett
    2. Hei Anne Grethe. Artig å høyra. Brukte de forresten både ordet "kokkelur" og ordet "koning"? Ein av informantane mine, han er frå Sande på Sunnmøre, fortalde følgjande: «Ein skil gjerne mellom dei største «husa til strandsniglane» som vert kalla «kokelur» og dei mindre som vert kalla «koning».

      Slett
  2. Jeg leste ordet kokulur i en bok som mente betydningen for snegler, dette var ukjent for meg. Jeg er fra Bergen som min mor som vokste opp på 20 tallet, hun brukte ordet kokelure i samme betydning som han fra Rogaland "sitter du her og kokelurer" ..en som sitter for seg selv og tenker (kanskje litt ensomhet eller vemod i begrepet). Hilsen fra Bergen

    SvarSlett
  3. Jeg er fra Florø. Født i 1960, og alle jeg kjenner i min generasjon kalte dem kokelure. Et helt vanlig ord i Florø, og jeg tenker nok at ordet er i bruk den dag i dag.

    SvarSlett
  4. Eg kom over dette innlegget når eg googla ordet i samband med at eg i ein samtale innsåg at ingen andre rundt bordet var kjent med begrepet. Eg på mi side mangla eit godt ord for å forklare det ettersom eg alltid har kalla det for "kokkelur". Strandssnegle er altså tydeligvis eit meir kjent begrep. Min relasjon til kokkelurar er frå fjera hos Besta i Bremanger. Både ho og min far (og difor også meg sjølv) seier kokkelur om dei små grå/brune skjella uavhengig av om dei er tomme eller "busett" av snegle eller kreps :)

    SvarSlett