torsdag 13. mars 2014

Kokkelur (V) - kor kjem ordet frå?



Kontakten med Nederland var intens på 1600-talet
(Måleri av Ludolf Backhuysen, Art Renewal Centre)

Eit ord har alltid røter bakover i tid, til andre ord og til andre språk. Når det gjeld opphavet til ordet kokkelur, må eg stola på oppslagsverka og språkhistorikarane. Først vil eg sjå litt på forklaringane som blir gitt på at dette ordet hamna i det norske språket. Deretter vil eg trekkja inn ein del andre ord som blir brukt om strandsniglar, og sjå litt nærare på eit interessant geografisk mønster som vart avdekka i den første av desse artiklane.

Ifølgje ordbøkene er kokkeluren ein utlending. Norsk Ordbok meiner vi har fått både substantivet kokkelur og verbet kokkelura gjennom lågtysk frå nederlandsk og viser til ordet «koekeloeren», som tyder å «sitja innestengt, lura, speida». Dette er heilt i tråd med Falk og Torps Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog, som kom ut første gong i 1903-1906. Denne ordboka viser til at variantar av verbet å kokkelura finst både i eldre dansk og i svenske dialektar. Ordet tyder eigentleg å «sidde som en snegle i sit hus», ifølgje Falk og Torp, og skriv seg frå det gamle hollandske ordet kokeloer, som tyder sniglehus. Når norske dialektar brukar kokkelur om sniglehus, heng det altså saman med dette nederlandske ordet, som igjen kjem frå latinsk conchylium, som igjen heng saman med eit liknande gresk ord. Dette ordet har vi forresten i norsk gjennom forma «konkylie», som blir nytta om store, vakre sniglehus frå varmare delar av verda.
 
Dermed ser det altså ut til at dei små grå sniglehusa i fjøra vår skjuler ein sjøfarande hollendar, ein fornem romar eller ein glødande grekar – alt etter kor langt bakover i språkhistoria ein går. Til oss kom ordet ifølgje Norsk Ordbok gjennom lågtysk. Det er eit namn på nord-tyske dialektar. Eit lågtysk skriftspråk vart spreidd ikkje minst gjennom handelsnettverket hansaen. Kontakten mellom hansakjøpmennene og Noreg var omfattande allereie i siste del av mellomalderen.

Språkprofessor Helge Sandøy har skrive ein artikkel med tittelen «Kokkelur» i tidsskriftet Nordvesten (1995). Her tek han utgangspunkt i dette ordet og skriv om påverknaden frå nederlendarane på norsk språk og kontakten med dei nederlandske sjøfararane. Generelt kan Sandøy slå fast: «Dei sikre nederlandske orda er samla sett ikkje så mange i norsk. Det er dei lågtyske orda som utgjer så stor del av språket at me ikkje kan seie ei setning utan å bruke eitt av dei. Men det er ofte vanskeleg å avgjere kva som er opphavleg nederlandsk og lågtysk, for dei to språka er, eller heller: var, svært like». Påverknaden frå hansaen og lågtysk tok til nokre hundre år før kontakten med nederlendarane blomstra. Men når ein kjem fram til rundt 1600 vart nederlendarane viktige her i landet. Sandøy meiner at dei då nok kunne formidla same glosene til oss slik at ord vi i dag reknar som lågtyske, òg kan ha kome med nederlendarane. 

Når det gjeld «kokkelur», drøftar ikkje Sandøy om det er mest sannsynleg at dette ordet kom beinveges til oss frå nederlandsk, eller om ordet kom vegen om lågtysk. Men artikkelen set ordet inn i ein samanheng av nederlandsk språkpåverknad, og Sandøy trur det kan ha kome inn i dei nordiske språka på 1600-talet. På islandsk vart jamvel ordet «kukulur» på 1700-talet brukt om sjøsniglar, altså på same måten som i delar av Noreg i dag. Dersom Sandøy har rett i at ordet kom inn i dei nordiske språka på 1600-talet, er det i alle fall tenkeleg at det kan ha kome direkte frå nederlandsk. Særleg på 1600-talet var det eit pulserande økonomisk hopehav mellom Noreg og Nederlanda, og stundom talar ein om «hollendartida» i norsk historie. Fartøy frå Nederlanda kom til norskekysten, og norske skuter drog andre vegen. Norske sjøfolk og tenestejenter trekte sørover.
 
 
Trelasten var i særklasse det viktigste norske eksportproduktet, men også fisk og hummer var etterspurte varer fra nederlendernes side. Det var faktisk også norsk gråstein, som ble brukt i diker og andre byggearbeider; det finnes mange steinurer langs kysten med navnet «Hollandsura».

Til Norge førte nederlenderne varer som sild, ost, korn, vin, brennevin, salt og tekstiler. Verdien av trelasten som gikk til Nederlandene, overgikk imidlertid mange ganger verdien av de varene som gikk til Norge.

Det skriv historikaren Sølvi Sogner i Aschehougs Norgeshistorie om «hollendartida» (1996, bd 6, s. 70). Så om ordet kokkelur kom til oss direkte frå nederlandsk i denne perioden eller via lågtysk er kanskje ikkje så godt å seia. 

Men går vi tilbake til dagens bruk av ordet kokkelur langs kysten, tyder undersøkinga mi på at ordet forsvinn ein stad i overgangen mellom Hordaland og Rogaland. I Hordaland og nordover langs kysten er «kokkelur» brukt om strandsniglar i mange område. Derimot har eg ikkje treft på ordet i Rogaland. Der er ord som kubonk, kobbonge og kuonge nytta. Desse orda ser alle ut til å vera dialektvariantar av  «kuvung» - eit ord for strandsnigel som finst i Norsk Ordbok, men ei form eg ikkje har støytt på i innsamlingane mine. I så fall stammar alle desse orda frå det gamle norrøne ordet for sniglehus, kúfungr.  Dermed ser det ut til at etterkomarar etter det gamle norrøne ordet har halde stand i Rogaland, medan «kokkelur» har fått fotfeste langs kysten nord forbi. 

Heilt eintydig er likevel ikkje biletet. Ein av informantane frå Sunnmøre (Sande) fortel nemleg at han er van med å kalla dei største strandsniglehusa for kokkelur, medan dei mindre går for «koning». Det siste er, igjen ifølgje Norsk Ordbok, som har med forma «kuning», også ein etterkomar etter det gamalnorske ordet kúfungr. Dermed har ein på denne staden gjort ordbruken eit hakk meir avansert gjennom å la eit gammalt og eit nytt ord leva side om side med litt ulik tyding. Sunnmøringar får det til her som elles, med andre ord. Om etterkomarar etter det norrøne ordet og den nederlandske innvandraren lever side om side andre stader, veit eg ikkje.


Måndag: Kokkelur (I) – om ordet og kor det blir brukt
Tysdag: Kokkelur (II) – med andre ord
Onsdag: Kokkelur (III) – litt kulturhistorie
I går: Kokkelur (IV) – ein språkleg tvilling

1 kommentar:

  1. Viste du at på nordhelgelending så betyr kokkelur, kongle?

    SvarSlett