søndag 2. februar 2014

Snipp, snapp, snute, så var reservasjonsretten ute?


Helseminister Bent Høie (Foto: Kjetil Ree, Wikimedia Commons)
Striden om fastlegar skal kunna reservera seg mot å visa vidare til abort har vorte intens. Det er sikkert fleire som er overraska over engasjementet og styrken. Sjølvsagt er det politiske spelet ein del av dette biletet. Regjeringa er tufta på ein avtale der Høgre, Frp og KrF m.a. er samde om at det «gis reservasjonsmuligheter for fastleger etter dialog med Den norske legeforening». Det er ordlyden i samarbeidsavtalen som dei tre partia har signert. Dette eine punktet ville forresten ikkje partiet Venstre vera med, men det er like fullt ein del av samarbeidsavtalen mellom regjeringspartia og KrF. No har helseministeren sendt ut til høyring eit lovframlegg som legg opp til at den enkelte kommune sjølv skal ha det siste ordet om legane skal få reservera seg i kommunen. Mange ordførarar og kommunepolitikarar vil ikkje ha slike legar, viser medieoppslaga dei siste dagane. Dermed kan helseminister Høies «reservasjonsmulighet» i praksis kan bli til reservasjonsumulighet for dei fleste fastlegar.

No er dette førebels ei høyring, og regjeringa kan framleis enda opp med ein konklusjon som gjer reservasjonsretten reell. Men då må ein leggja bort tanken om om at kvart enkelt kommunestyre kan gjera som dei vil i ei slikt spørsmål. Skulle regjeringa gje politikarane i kvar enkelt kommune vetorett, er verken ordlyden eller intensjonen i dette punktet i regjeringsavtalen oppytylt. I utgangspunktet har eg stor sympati for både helseminister Høie og sjefen hans, statsminister Solberg, og vel å tru at dei vil følgja avtalen som er inngått med KrF. Men får vi ein kommunal vetorett som gjer at reservasjon berre er mogleg for eit mindretal av fastlegane, meiner eg regjeringa bryt samarbeidsavtalen med KrF. Viss Høgre i så fall trur dette berre vil bli ein ubehageleg liten fartsdump på den glade regjeringsveg mot ei blåblå framtid, skjønar dei ikkje kor viktig denne saka er for mange KrF-veljarar. Det vil bli opplevd som eit tillitsbrot, og Høgre vil stå fram som ein avtalepartnar som ikkje er til å stola på. Og det er neppe den beste bagasjen å bera med seg vidare for ei mindretalsregjering.

Men ein ting er det politiske spelet. Saka i seg sjølv er viktigare. Dei som kjempar for reservasjonsretten, legg vekt på at dette handlar om samvitsfridom. Legar må kunna følgja overtydinga si i spørsmål om liv og død. Eg har ingen plass sett det dokumentert at dette har ført til store ulempler, og fastlegar har gjennom mange år kunna reservera seg. Men mange er likevel provoserte over at legane skal kunna reservera seg mot å tilvisa til abort. Sosialantropolog Lindis Sloan skriv:

Det er i overkant av 5000 fastleger i Norge, jeg har sett anslag på at rundt 200 av dem vil ønske å reservere seg mot henvisning til abort. Det kan de ikke få lov til. Abortloven og fastlegeordningen er lovfestet, de er offentlig ansatte og da har de å følge norsk lov.

Så stor respekt for norsk lov bør verken legar eller andre ha. Bryt lova med retten til liv eller grunnlaggjande fridomar, er det rett å visa sin motstand. Norsk abortlov og norsk fastlegeordning er ikkje overordna retten til liv. Dette er det desse legane på ein svært forsiktig måte markerer. Vi vil vel at folk skal ha mot til å markera at liv og andre grunnleggjande menneskerettar er viktigare enn dei gjeldande lovene i eit konkret land – anten landet heiter Norge, Russland, Iran, Israel eller USA. Sjølvsagt kan då staten velja å gje dei ulydige sparken. Men vil vi ha ein slik stat, og vil vi framelska ein slik taus lydnad hjå legar og andre? I staden for ikkje å tola den minste knirk i systemet, burde vi vera glade for at folk i helsevesenet tek spørsmål om liv og død så alvorleg at dei ytrar – om ikkje meir – ein bitteliten protest. 

«Hvis personlig moral kan stilles over loven, hvor går grensen?», spør Sloan. Kanskje burde ho snu spørsmålet: Viss lova kan stillast over personleg moral, kor går grensa? Det siste er eigentleg eit viktigare spørsmål enn det første viss spørsmålet gjeld liv og død.

Mykje av grunnen til at diskusjonen blir så betent, er at det handlar om abort. Dagens abort-praksis på ei konstant fortrenging av at det er ufødde menneske som blir drepne ved ein abort. Vi gratulerer ei kvinne som fortel at ho er blitt gravid, vi ønskjer det beste for henne og den ufødde, og vi veit at om alt går bra vil vi om nokre få månader kunna kikka inn i augo til eit lite barn som er kome «ut i det fri», og som er den same som for litt sidan var inne i mors mage. Likevel gjev norsk lov i dei første månadene berre barnet verdi dersom det er ønska. Men bør vi få verdi etter om vi er ønska eller uønska? Har ikkje både født og ufødt liv ein eigenverdi som menneske som er endå meir grunnleggjande enn om vi er ønska?

1 kommentar: