søndag 9. februar 2014

Kule ord (8): tutlebrok

Ordet tutlebrok eller tutlabrok er kanskje sjølvforklarande for nokre, men neppe for alle. Eg oppfattar det som ein litt nedsetjande, men av og til mest skjemtande, karakteristikk av ein person som lite får utretta, og som i det heile har eit sviktande grep om saker og ting. Nærskylde ord er svimball og sosekopp. Ifølgje Nynorskordboka tyder verbet tutla det same som tusla.  Det blir gjerne brukt om å gå sakte eller subba, eller om å arbeida seint og puslete. Elles blir det å tutla òg brukt som eit folkeleg  ord for demens. Om ein seier at ein person har byrja å tutla, eller rota, er det gjerne snakk om ein gammal person som er i ferd med å bli dement. Eit folkeleg og direkte ord, greitt nok, men ikkje noko gale i det.

Elles høyrde eg for eit par veker sidan eit ord som er svært likt, nemleg «tuflete». Det var ein eldre stril som brukte det. Ordet var nytt for meg. I følgje ordbøkene er det å tufla mykje likt det å tutla eller tusla. Det litt artige her er at Norsk ordbok òg slår til med ordet tuflebrok, som eg aldri har høyrt før, men som neppe er ein særleg betre merkelapp å få enn "tutlebrok".

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar