lørdag 1. februar 2014

Ikkje eit vondt ord om Chess

Det er ikkje så ofte eg skryt av mobilselskapa, sjølv om dei sikkert gjer jobben sin på ein grei måte. Men i dag vil eg skryta av Chess. Eg har nettopp flytta fleire abonnement frå Chess, og sende ein liten e-post til kundesørvis i selskapet for å få ei stadfesting av at avslutninga av abonnementa var registrert og at eg hadde fått siste faktura. Her er svaret:

Hei Arve!
Takk for din henvendelse!

Eg kan med dette stadfeste at dine 3 abonnement er oppgsagt her hjå oss! Dette fakturanr ......... var altså den siste du då mottok frå oss!
Eg må benytte anledninga til å sei at vi kjem til å savne deg som kunde, og at eg elskar når folk skriv på nynorsk! :-D

Ønskar deg ein livleg laurdag og ei god helg!
Vennlig helsing
......., Chess Kundeservice
Sjarmerande og proft på same tid. Det er nesten så eg flyttar abonnementet tilbake dit. Men berre nesten.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar