tirsdag 21. januar 2014

Gratulerer, NRK!



John Lennox (over) og Steven Pinker er
to av mange vitskapsfolk som er intervjua
i "Gud og vitskapen"(foto henta frå
Wikimedia Commons:
Christliches Mediemagazin pro og G ambrus)
Det er all grunn til å gratulera NRK2 med valet av serien «Gud og vitskapen». Tre måndagar
på rad har programma drøfta store og djupe spørsmål med forskarar frå ulike felt og med ulike syn. Først handla det om opphavet til universet, så om opphavet til og utviklinga av livet på jorda, og så til sist om menneskesinnet. Grunnspørsmålet gjennom alle programma er om alt dette – universet, livet og medvitet – peikar mot at det finst ein skapande Gud, eller om det peikar i motsett lei.

Mykje godt kan skrivast om denne populær-vitskaplege miniserien. For det første får vi møta naturvitskapsmenn, filosofar, teologar, psykologar og debattantar som står for heilt ulike syn. Denne breidda i syn er sjølve genistreken. Rett nok må det bli korte klipp frå den enkelte. Men framstillinga greier å løfta fram dei store spørsmåla og dei svært varierande svara på ein god måte. Dermed blir òg serien ein samtale-opnar for oss som ser på.

Gjennom å presentera framståande forskarar som ut frå filosofi og vitskap argumenterer for heilt motstridande syn, rokkar serien ved den vanlege myta om at vitskapen står mot religionen, og at i same grad som vitskapen går fram, går trua tilbake. Denne harry-ateismen, som passar så godt inn i hissige nettdebattar. Slik sett trur eg nok kristne kanskje vil gleda seg meir over serien enn det ateistar vil gjera. Men serien konkluderer ikkje. Her blir dei store spørsmåla lagt fram til vidare refleksjon, og dei fleste får sleppa til. Ateistar, kristne, dei litt meir udefinerbare, pluss ein muslim her, ein jøde der og så ein buddhist. Send in the clowns.

Eit par av debattantane kunne sikkert med fordel ha redusert eigen arroganse. Men det gjer ikkje så mykje. Her er det uansett dei saklege meiningsbryting som rår. Det handlar ikkje om å nedverdiga motstandarane gjennom å ta mannen i staden for ballen på ulike ufine måtar. Dessverre får mange debattar eit slikt preg. Men ikkje så denne gongen. NRK har kjøpt inn ein svært god og spennande serie. Dei som ikkje fekk sett programma, får ein ny sjanse her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar