søndag 5. januar 2014

Om joik og pene salmar


Foto: Karin Beate Nøsterud/norden.org (Wikimedia Commons)
Joik i kyrkjerommet kan vekkja sterke kjensler. Mange av oss søringar skjønar oss sånn måteleg på den slags diskusjonar. Då kan det vera greitt å lesa intervju med to samar som på sindig vis legg fram sine motsette syn. Det er ikkje vanskeleg å få sympati med både nestleiar Nils Henry Henriksen i Kautkeino sokneråd, som er imot joik i kyrkja, og Berit Alette Mienna, som er positiv.


Sjølv har eg fint lite å tilføra diskusjonen, men beit meg likevel merke i eit sitat frå Henriksen. Etter å ha streka under at joik etter hans oppfatning ikkje passar i kyrkja, seier han: ”Det viktigste for oss er å høre Guds ord og pene salmesanger, ikke noe annet.”


Eg kan i grunnen tenkja meg at mange vil reagera på at nestleiaren i soknerådet berre vil ha Guds ord og ”pene salmesanger”. Med ”pene” tenkjer vi på noko estetisk vakkert, men kanskje har ordet òg ein attåtsmak av det søte og litt friksjonslause. Det heftar ikkje mykje levd liv og kvasse kantar ved det "pene", i alle fall ikkje i mine øyre. No veit eg sjølvsagt ikkje kva intervjuobjektet la i ordet ”pene” her. Det kan vera den smale tydinga av ordet, som eg nettopp refererte til - ei tyding som gjer at ordet for mange balanserer på grensa til det negative i ein del samanhengar. Men eg trur det er viktig å vera open for at han òg kanskje kan ha lagt noko litt anna og meir i ordet.


Og, for å assosiera vidare, slik er det til dømes med ordet ”fin”. Nokre snakkar om ”fine folk”. Ikkje alltid handlar det då om folk som er vakre å sjå på, eller som høyrer til dei økonomisk betrestilte i samfunnet. Stundom omtalar nokon andre menneske som ”fine folk”, og meiner med det at dei er sympatiske, ærlege, rettskafne og lette og bli glad i.


Ordet ”svær” kan òg bety noko heilt anna enn berre ”stor” og ”diger”. At ein er ”svær” til noko, kan bety å vera flink og dyktig. På strilemål kan det, i alle fall av eldre folk, seiast at ”han har allti vore so sver me meg”. Den som seier dette, er takknemleg mot ein annan, fordi den andre støtt har vist han velvilje, og gjerne strekt seg lengre i det gode enn det ein kunne rekna med. Og om nokon mimrar tilbake til sin barndoms tippekampar og seier at Kevin Keegan ”va sver te å spela fotball”, står det likevel fast at Liverpool-spissen ikkje raga meir enn 1 meter og 73 centimeter over bakken.

Assosiasjonsrekkja er med dette avslutta for denne gongen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar