lørdag 28. desember 2013

Kule ord (7): mulkete

Litt mulkete akkurat no?
Illustrasjonsfoto, wikimedia Commons
Dette ordet var eg ukjent med då eg las det i lokalavisa Strilen for nokre dagar sidan. I Norsk Ordbok finst ordet i forma "mulken", som tyder tverr, mutt og furten. Eg sjekka med far min, som kjem frå Fedje i Nordhordland, og han kjende til ordet, men òg ein liknande variant som byrjar med p. Og, det stemmer med ordboka òg. Ifølgje Norsk Ordbok er den som er pulken, ein (som lett blir) sint, sur og misnøgd - ein furten og fåmælt person.

Men tilbake til Strilen. Det var i leiarartikkelen 17. desember ordet vart brukt, og setninga med "mulkete" er i tillegg referert på framsida av avisa. Leiaren "FrP bør gje ei forklaring" handlar om lokalpolitikken i Meland kommune, der Fremskrittspartiet, som i det meste har støtta dei borgarlege partia med ordføraren i spissen, no har valt støtta dei raudgrøne sitt budsjettframlegg for 2014. Her er setninga:

"Det er nærliggjande å tru at Frp er mulkete på dei tre andre borgarlege partia for manglande støtte til andre kutt, slik at ein unngår å belasta innbyggjarane med meir eigedomsskatt".

Det var nok mange som ikkje skjøna ordet "mulkete" då dei las det. Kan henda burde redaktøren av Strilen gjort det same som Arthur Berg, den modige stribukken, stundom gjorde i si tid som redaktør av Dagen. Under ein leiarartikkelen kunne han forklara eit viktig ord som var brukt i artikkelen. "Frå ordboki" skreiv han, og deretter kom forklaringa. Om eg ikkje tek i miss, galdt det vel helst framandord eller fagterminologi henta frå teologi og filosofi, men akkurat dette har eg ikkje fått sjekka.

Mulkete er jo ikkje eit framandord, men eit norsk eit. Og, forklaring eller ikkje forklaring, redaktøren av Strilen skal ha ros for å henta det fram. Ingen av oss har vondt av å læra eit nytt ord.
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar