onsdag 6. november 2013

Irritasjonsmoment for folk med godt syn


Stort oppslag om lite smykke.

Kan ein journalist som les opp nyhendesendingane, få lov å ha ein liten kross rundt halsen? Det er blitt ganske mykje diskusjon om dette etter at journalist Siv Kristin Sællmann i NRK Sørlandet fekk råd frå sin overordna i NRK om å ikkje bera krossmykket på fjernsyn. Det går an å skjøna utgangspunktet til NRK her. Tradisjonelt er særleg nyhendesendingar prega av standardisering, t.d. i bruk av språk, og eit ønske om å framstå som nøytral og upartisk. Den som presenterer nyhenda, bør heller ikkje trekkja for mykje av merksemda frå sakene og over på seg sjølv og sine eigne preferansar. Alt som distraherer – enten det er religiøse symbol eller påfallande klesdrakt – kan bli eit problem. Nyhendesendingane i NRK skal heller ikkje vera ein arena der den enkelte journalist propaganderer for eigne oppfatningar og livssyn. Og den som ber ein kross rundt halsen, markerer ei kristen tilknyting. Eller i det minste vil mange av dei som ser på sendinga, assosiera symbolet med kristendommen.

Det er likevel eit par ting som må trekkast inn her. For det første er det dimensjonane. Det er litt underleg at nokon blir oppøste av eit 1.4 cm stort krossmykke; såpass provoserer det at dei ringjer inn og klagar til fjernsynskanalen. Like underleg ville forresten reaksjonen vore om smykket var ein halvmåne, ei davidsstjerne eller eit humanistsymbol av same storleik. Når noko så lite kan bli eit stort problem, ligg det kanskje ein litt for sterk reinleikstanke bak. Må studio vera heilt reint, sjølv for dei minste religiøse symbol, før vi kan samla tankane om nyhenda? Eg skjønar argumentet om at påkleding, smykke og anna kan ta fokus bort frå sakene som blir presentert, og at det ikkje er bra i ei aktualitetssending. Men skal ein gå denne lina heilt ut, må ein jo nå fram til ein estetisk og symbolsk sterilitet. Eller kanskje senda alle nyhende på radio i staden for fjernsyn. Sjølv kan eg i alle fall tenkja meg mange ting ved ein nyhendeopplesar som kan vera meir distraherande enn eit 1.4 cm langt halssmykke.

Nøytraliteten er eit viktig argument i denne saka. Men spørsmålet er om det er nøytraliteten eller inntrykket av nøytralitet det handlar om. Dei to tinga er ikkje det same. Til dømes uttalar programredaktør Hasse Karlsson Sveriges Television følgjande om religiøse symbol: ”I visse sammenhenger kan de til og med signalisere at man har tatt stilling og ikke er upartisk. Hvis en nyhetsoppleser f.eks. har på seg en Davidsstjerne eller et tydelig muslimsk symbol og leser nyheter om Midtøsten, kan det oppfattes som om vedkommende har tatt stilling i konflikten.” Kanskje kan ein kross i halsgropa, eller eit skaut på hovudet, ”oppfattes som” om personen har teke stilling i ulike saker. Men det er neppe slik at journalisten med kross i halsgroppa tenkjer annleis straks ho tek av smykket. Og dreportaren med skaut forandrar vel ikkje tankar og haldningar om ho tek av skautet. Arumenteret her handlar meir om tilsynelatande nøytralitet enn om reell objektivitet. Det er ikkje eit kvalitetsmerke om ein journalist, eller ein forskar for den saks skuld, prøver å halda sine eigne haldningar og sitt eige livssyn hemmeleg. Det som betyr noko, er om folk med ulike livssyn og verdiar driv ærleg, upartisk og undersøkjande journalistikk. Det kan både journalistar med hijab og kross gjera. Kanskje vil vi få med oss det poenget betre om vi av og til får sjå ein nyhendeopplesar med skaut eller kross på skjermen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar