søndag 3. november 2013

Kule ord (5): greft

(Illustrasjonsfoto: Arve Kjell Uthaug)
Ordet greft har, i alle fall i delar av Nordhordland, vore brukt om eit fellesskap som var større enn garden, men mindre enn bygda. Kjelda mi er Erik Samuel Henanger (født 1941), som gjennom eit langt liv har vore gardbrukar på Øvre Sagstad i Meland. Han fortel at grefta berre hadde éin funksjon, og det var i samband med gravferder: Dei som budde i same grefta som den avlidne, skulle alltid bedast inn til minnesamværet etter sjølve gravferda. Inndelinga var fast, og Henanger kjenner til grensene for seks, sju slike grefter på den søre delen av Hosnøy (Meland kommune). I dag er ikkje greftene i funksjon. Skikkane rundt gravferder har endra seg mykje. Det minkar nok også sterkt på dei som kjenner til sjølve ordet.


Den sosiale eininga grefta minner mykje om "bedlaga" eller "bedarlaga" i det gamle bygdesamfunnet, sjølv om bedlaga òg skal ha hatt fleire sosiale funksjonar. Men tilbake til grefta. Kor i landet har dette ordet vore brukt om det nære nabolaget som skulle bedast inn i gravferda? Det er ikkje godt å seia. Men i tillegg til Holsnøy, har Henanger også høyrt at ordet har vore i bruk i Leiknes-området i same regionen. Og i eit intervju med avisa Strilen 26. mai 1983 brukte dåverande generalmajor Ola Litleskare, også han frå Nordhordland, ordet slik: «Det var t.d. vanleg i gravferder at heile grefta kom ubeden. Grefta var ei sivil inndeling på bygdene frå den tid bygdefolket sjølv grov gravene på kyrkjegarden». Litt nyanser er det her. Henanger fortel at der han bur, var skikken å gå rundt og invitera dei som budde i grefta. Men det er altså ingen tvil om at ordet "greft" har vore brukt i nokolunde same meininga fleire stader i Nordhordland. Ifølgje Norsk Ordbok har ordet òg vore registrert i Akershus i denne tydinga.


Det blir meir om grefta - og andre ord, for den saks skuld - i årets utgåve av Melandjul, som kjem i slutten av november. Det var dagens reklame.

1 kommentar:

  1. Eg kom over ordet «greft» i Soga um Manger kyrkja frå den fyrste kristne tid til 1941, slik denne boka er trykt i Manger kyrkje og prestegard. Der står det på side 123:

    «Sjølve gravingi vart gjort på billegaste måten: Sokni var inndelt i «grefter», passeleg mange gardar til eit høveleg likfylgje. Dei vakse i «grefti» vart bedne til likburds, tok med seg gravreidskap og kasta gravi upp, sette kista ned og kasta att. Då det leid fram i 1700-talet med sterkt aukande folketal. tok det til å verta trongt på kyrkjegardane. Greftafolket leita upp ein lagleg (og ledig) stad, utan umsyn til orden, endå Kristian 4 si lov hadde strenge påbod um dette.»

    Ut frå dette ser det ut som om den sivile inndelinga var tilstades på Radøy på 16-1700-talet, og at det då var meir organisert enn det verkar å ha vore seinare. Det ser også ut som om ordet ikkje var i bruk på Radøy på 1940-talet, sidan forfattaren følte trong til å forklare ordet.

    SvarSlett