fredag 8. november 2013

Fastlegen i Snertingdal

Frå nettsidene til NRK.
Fastlege Christina Grandalen i Snertingdal har skrive lesarinnlegg i Oppland Arbeiderblad der ho grunngjev kvifor ho ikkje vil visa pasientar vidare til abort. Grandalen er tydeleg og direkte i grunngjevinga si, og skriv mellom anna: ”Jeg vet ikke hvordan andre leger stiller seg til dette, men jeg for min del har blitt lege for å BEVARE liv og ikke for å drepe!"

OPPNÅR TRE TING. Dermed gjer denne legen to ting samstundes. Ho provoserer til abortdebatt, og ho spissar til ordskiftet om reservasjonsrom for fastlegar. Tre ting, forresten. Ho provoserer fram refs frå sine overordna i kommunen.
 
Det mest balanserte eg har sett så langt, er tv-intervjuet med Grandalen i NRK. Her får ho leggja fram synspunkta sine, kommuneoverlegen kommenterer ytringane hennar og NRK har også greidd å finna fram til både folk som er samde og usamde med henne i lokalsamfunnet. Ryddig journalistisk handtverk, med andre ord.
 
HARDKØYR OVANFRÅ. Det går samstundes tydeleg fram av artiklane på NRK sine nettsider at legen blir utsett frå eit hardkøyr ovanfrå. Grandalen har i følgje NRK òg uttalt til TV2 at ho meiner abort er feil òg for valdtekne kvinner. Utsegnene gjer at Gjøvik kommune vurderer framtida hennar som fastlege. ”Det hun har sagt er fullstendig uakseptabelt”, seier seksjonsleiar for helse og omsorg i Gjøvik kommune, Aud Inger Istgaard. Og etter lesarinnlegget i Oppland Arbeiderblad uttalte kommuneoverlege Geir Olav Brunborg følgjande:

– Jeg kalte inn til møtet fordi hun brukte ord som drap. Det er voldsomt og fikk mange til å reagere og føle seg støtt, sier Brunborg. Han ønsket også å gjøre klart at Grandalen er fastlege og skal kommunisere med sine pasienter, mens spørsmål knyttet til medisinske spørsmål og befolkninga, skal kommuneoverlegen ta seg av.

– Det er en arbeidsfordeling her, og det er hun enig i, sier Brunborg.

Han sier at han overhodet ikke ønsker sensur, men at det ikke skal brukes ord som skaper problemer for andre.

Eg anerkjenner fullt ut den gode viljen hjå kommuneoverlege Brunborg. Han ønskjer ikkje at folk skal kjenna seg støytte av ordbruken til ein lege som er i kommunens teneste. Likevel, viss han er rett sitert, så er synspunktet i den siste setninga meiningslaust. Det går ikkje an å ”overhode ikke ønske sensur” og samstundes slå fast at ”det ikke skal brukes ord som skaper problemer for andre”. Dei to synspunkta står i direkte motstrid til kvarandre. Skal eit samfunn ha ein open debatt om viktige og alvorlege spørsmål, går det ikkje an å styra unna ord ”som skaper problem for andre”. Eit ærleg ordskifte er dessverre ikkje mogleg utan ytringar som kan opplevast støytande for nokon – sjølv ikkje om alle skulle gjera sitt beste for å ordleggja seg respektfullt. Det motsette av ein slik debatt er dessverre sensur. Anten gjennom at folk driv sterk sjølvsensur, t.d. av frykt for å missa jobben, eller at ein blir sensurert av andre.

Heller ikkje kan det vera slik at legar skal ha særleg innskrenka ytringsfridom i spørsmål som gjeld liv og helse, slik som t.d. abort. Eller er det kanskje nokon i det norske helsevesenet som har tenkt å prøva å handheva ein slik krympa ytringsfridom for Mads Gilbert?

Her er eit forslag til seksjonsleiar, kommuneoverlege og andre overordna av fastlegen i Snertingdal: Dei kan seia at dei er usamde i synspunkta frå Grandalen, og at norsk abortlov sjølvsagt gjeld i Gjøvik som alle andre stader. Men at dei samstundes aksepterer at Grandalen har ytringsfridom på linje med andre borgarar, også om temaet er abort.

LITE STØTTE. Mange burde støtta Grandalens rett til ytringsfridom, og det blir spennande å sjå om også folk som er usamde i abortsynet, vil forsvara henne her. Etter mi meining er Grandalen dessutan tøff som vågar å ta støyten og gjera seg til talskvinne for at ufødde born også har eigenverdi og rett til liv. Kanskje er det fleire som vil støtta henne her? KrF kanskje? Paritiet presenterer jo sitt eige syn slik:

Alle mennesker har en ukrenkelig verdi i kraft av å være menneske. Menneskeverdet kan ikke graderes. Retten til liv er den mest grunnleggende menneskeretten, og må gjelde fra unnfangelse til naturlig død.
 
Men leiaren i Oppland KrF, Morten Halling, seier følgjande: ”I en situasjon der du vurderer om du skal ta abort eller ikke, vil jeg tro de aller fleste kvinner er i en sårbar situasjon. Og da bli stempla som en morder og at en utfører et drap synes jeg er sterkt, og unødvendig sterk språkbruk”.

Å kritisera den modige legen i Snertingdal slik er kanskje ikkje den beste plassen å begynna for eit parti som meiner menneskeverdet ikkje skal graderast, men tvert om gjelda heilt frå unnfanging av?

 


 

 

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar