søndag 17. november 2013

Ei reisehandbok til KonspiraNorge


Konspirasjonsteoriar kjem i ulike variantar. I bokhylla har eg Adam Bauners bok «Djevelen ler – eller Hvorfra verdensfreden trues», utgitt på Lunde forlag i 1934. Boka, som ein slektning skaffa seg og daterte 22/7-35, hamrar laus på kommunismen og mektige jødar i ei framstilling krydra med mange ropeteikn.  Her er «Zions lærdes eldstes protokoller» sitert med full tillit, og brukt til å støtta opp det konspiratoriske verdsbiletet som vert presentert.  Eller som Bauner sjølv skriv: «Målet – som disse Zions eldste arbeider mot, er, som nevnt, intet mindre enn verdensherredømmet.» (1)

Eg plukka ned igjen denne boka frå hylla etter å ha lese John Færseths bok KonspiraNorge (Humanist forlag, 2013). Slett ikkje alle konspirasjonstankar er like skadelege som den vondskapens flamme Bauner leika med i 1934, og som andre har pusta til seinare. Nokre forestillingar er temmeleg ufarlege, bortsett frå at vi gjer oss unødig dumme om vi trur på dei. Det er heller ikkje slik at den som trur på ein konspirasjonsteori, skal gjerast ansvarleg for dei skadelege følgjene av ein heilt annan teori.
Som sagt, finst det mange ulike konspirasjonsteoriar. Innhaldet kan vera svært ulikt. Skurkane kan vera svært forskjellige, sjølv om nokre har ein tendens til å dukka opp i mange slike forestillingar. Færseth viser til den amerikanske statsvitaren Michael Barkun, som har sett opp tre kriterium for eit konspiratorisk verdsbilete (2): Ingenting hender tilfeldig, men alt er eit resultat av medvitne, vilja handlingar. Dessutan, ingenting er slik det ser ut til å vera. Dei som konspirerer, ønskjer å halda målsetjingane sine skjulte. Og, for det tredje, alt heng saman med alt. Det finst mønster over alt for den som er i stand til å sjå dei.

Kombinerer ein desse tre kjenneteikna med ein ganske selektiv og til tider sjuskete omgang med kunnskap og fakta, kan mange merkelege forestillingar dukka opp.

Færseth viser i boka si at konspirasjonsteoriar dukkar opp og lever godt i ulike miljø, men rett nok ofte i ganske små og stundom også marginaliserte grupper. Ein del antiislamistar har si forestilling om Eurabia som ein vilja strategi frå eliten med eit mål om å smelta saman Europa og den arabiske verda, der resultatet vil bli islams dominans. Alternativmiljøa har sin vaksinekritikk. Små, høgreorienterte miljø i USA held seg med ei rekkje konspirasjonsforestillingar. Ein tidlegare leiar for partiet SV er mellom dei som har gjort seg til talsperson for at terroren i USA 11. september i røynda var ein «inside job». Ein norsk fredsforskar har uttala seg i det minste merkeleg om Sions vises protokollar og jødisk makt i media. Ein annan fredsforskar har i Nytt Norsk Tidsskrift skrive ein artikkel som drøftar ulike statar som moglege bakspelarar for terroren i Norge 22. juli 2011 – i ei ganske utgjennomtrengeleg framstilling som på ingen måtar dokumenterer det artikkelen hintar til (3). Lista over eksempel kan gjerast mykje, mykje lengre.

Sjølv om konspirasjonsteoriane er svært ulike, er det nokre favorittskurkar som ofte dukkar opp. Det gjeld jødane, sjølvsagt. Den katolske kyrkja har ofte fått skurkerollen. Den mektige og hemmelege gruppa Illuminati er sjølve edderkoppen i nettet for mange, sjølv om eksistensen av denne gruppa ikkje er dokumentert. Færseth framhevar dessutan hatet mot Arbeidarpartiet som eit fellestrekk hjå mange av dei konspiratoriske miljøa i Norge.

Forfattaren av KonspiraNorge har gitt eit spennande gløtt inn i ein flora av merkelege og alternative forestillingar. Som sagt, er det oftast små miljø som held oppe og ivrar for konspirasjonsteoriane. Det er likevel godt at nokon har teke seg bryet med å skissera opp dette landskapet av forestillingar og at nokon brukar tid på å følgja med på feltet. Nokre av desse tankane kan i gitte situasjonar nøra opp hat som fører til valdshandlingar. Andre og mindre farlege variantar har også godt av å bli lagt under lupa. Ingen er tent med at vi går rundt og tenkjer at «kanskje er det noko rett i dette» dersom det handlar om reint vås og oppspinn.

Sjølv om dette, så langt eg kan skjøna, er ei god bok av ein forfattar med stor innsikt i emnet, er det viktig å ikkje bli fanatisk andre vegen heller. Alternative tankar kan visa seg å stemma i nokre tilfelle, sjølv om vi lenge har trudd noko heilt anna om eit tema. Viss tenkinga blir dogmatisk anti-alternativ, har vi ikkje vunne så mykje. Gro Harlem Brundtlands fyndord i klimadebatten om at «det er umoralsk å tvile» er eit elendig utgangspunkt i dei fleste samanhengar (4). Det er tvert om klokt å tvila på mykje av det vi høyrer og blir fortalt, men alternative forklaringar krev vanleg kunnskap som kan overprøvast òg av folk med eit heilt anna utgangspunkt. Å lulla seg inn i forestillingar om ei hemmeleg samansverjing der mektige krefter trekk i trådane er derimot noko anna.

Ein viktig mangel er det forresten med denne boka.  Det er slapt av forlaget å ikkje utstyra ei slik bok med namne- og sakregister. Den som t.d. skal finna igjen omtalen av ein gitt person, må leita, bla og skumlesa. I beste fall får ein litt hjelp av titlane på kapitla. Ei slik temabok som omtalar mange ulike miljø og personar, og der same person ofte dukkar opp i ulike kapittel, bør gje lesaren betre hjelp til å finna fram. Men, bortsett frå dét, skal både forfattar og forlag ha takk for boka.


(1) Bauner 1935, s. 161.

(2) Færset 2013, s. 18.

(3) Artikkelen «Inspiratorer, interessenter, innvielsesmestre og investorer i Breiviks verden» av Ola Tunander, Nytt Norsk Tidsskrift 4/2011. Sjå òg http://www.minervanett.no/tunanders-artikkel-i-nytt-norsk-tidsskrift/

(4) Det direkte sitatet frå Brundtland er eigentleg litt meir ordrikt, sjå http://www.minervanett.no/gros-autoritre-ansikt/.  «Det er umoralsk å tvile» er ein forkorta versjon.

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar