søndag 29. september 2013

Octavia i ti år

Frå Jubileumskonserten i Melandkyrkja 
28. september 2013 (Foto: Arve Kjell Uthaug)
Octavia Meland ungomskantori starta opp i 2003. Tiårsjubileet vart markert med konsert, fest og deltaking på gudsteneste no den siste helga i september. Dirigent Eirin Beate Åserud-Løvlid har leia koret heilt sidan starten. På konserten i Melandkyrkja deltok i tillegg til dagens Octavia søsterkoret frå Bergen domkyrkje og dessutan ei handfull tidlegare Octavia-jenter (nyleg pensjonerte). Frode Skag Storheim hadde kontrollen på pianoet. Visst var det eit vakkert syn med alle korjentene som stilte i bunad. Og det klang også svært fint. Dirigent Åserud-Løvlid har gjort ein kjempejobb med koret. Tilhøyrarane på festkonserten vart møtte med den nydelege ”Ver no velkomen med æra”, og deretter vart vi guida gjennom eit allsidig repertoar. Apropos guiding kunne ein til tider lura på om jentene var utstyrte med GPS. Ingen såg i alle fall ut til å gå seg vill og hamna på feil plass i dei tallause omgrupperingane av songarar gjennom konserten. Dei to ”founding fathers” sokneprest Sverre Langeland og dåverande organist Arvid Sakseide, som i si tid tok initiativ til koret, var begge til stades på festkonserten og gledde seg over resultatet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar