fredag 27. september 2013

Djupe røter og uviss framtid





Mar Takla-klosteret i Maaloula, Syria
(foto: Bernard Gagnon, Wikimedia Commons)
Udiane er ei av folkegruppene i det kaukasiske fjellandet Aserbajdsjan. Det vesle folket har sitt eige språk og ei lang historie. I 2005 kunne Dagbladet fortelja om udiane i byen Nic, med kristne røter langt tilbake i tid. Dei heldt grisar trass i dei muslimske naboane. Men ifølgje avisa døypte dei ikkje borna lenger, kyrkjene var falleferdige og dei siste prestane hadde kommunistane fjerna under sovjettida.

 
Denne vesle folkegruppa i Kaukasus kan stå som representantar for dei gamle kristne kyrkjene i Nord-Afrika, Midtausten, Tyrkia og store delar av Asia. Historikaren Philip Jenkins argumenterer for at kyrkjene i dette området ein gong utgjorde eit tyngdepunkt i den verdsvide kyrkja. I boka The Lost History of Christianity (2008) viser han kva desse kyrkjene ein gong var, korleis det har gått med dei, og kva som er att i dag.

Målt opp mot fordoms glans, er det berre små restar igjen. Held ein utanfor Etiopia og eit par tidlegare sovjetrepublikkar, kan ein argumentera for at flesteparten av dei gamle kyrkjene i dette området – kanskje med unnatak av koptarane i Egypt og dei tomaskristne i India – er på veg til å forsvinna, og i mange område er kyrkjene allereie utdøydde. Udiane som Dagbladets utsende møtte i Aserbajdsjan, var komne langt i denne utviklinga, og trua var i ferd med å viskast ut.

Frå tre til eitt kontinent
Den tidlege kristne kyrkja spreidde seg ikkje berre til Vesleasia (Tyrkia) og Europa. Egypt, Nord-Afrika, Nubia, Etiopia, Mesopotamia, Den arabiske halvøya, India og Kaukasus - alle desse områda var nådde av kristendommen allereie før islam oppsto som religion. Munkar hadde dessutan reist inn og ut av Kina. Nokre stader var kristendomen grunnfesta og dominerande religion. Andre stader var det misjonskyrkjer med svakare feste og kortare historie. Dominerande kristne grupper i desse områda var dei orientalsk-ortodokse og nestorianske (1), med andre ord kyrkjer som på ulike måtar skilde seg lite grann frå romersk-katolske og gresk-ortodokse i læra om Kristi naturar.

Av desse er dei nestorianske kristne den gruppa det i dag er færrast att av. Dette var den verkeleg austvende kyrkja. Ein gong hadde ho metropolittar ikkje berre i Midtausten og Persia, men i det som i dag er Afghanistan, India, Tibet og så langt aust i Kina som Beijing (2). Den nestorianske kyrkja sto bak to misjonsframstøytar inn i Kina: den første frå 600-talet og framover og den andre på 1200- og 1300-talet (3).

Ser ein på nestorianarane og dei andre gamle kyrkjene, opplevde dei i antikken og tidleg mellomalder ein eventyrleg vekst. Jenkins peikar på at saman med voksteren mot Vest gjorde dette kristendomen til ein trekontinents-religion som hadde fast grep i både Afrika, Asia og Europa. Først seinare vart kyrkja – stort sett – europeisk. Før kyrkja no dei siste hundreåra atter har spreidd seg utover jordkloten og blitt allkontinental.
 
- Religionar døyr ikkje, dei må drepast
Men kyrkja har likevel aldri fått tilbake den posisjonen ho ein gong hadde i Nord-Afrika, Midtausten og delar av Asia. Den store endringa her kom med islam. Den nye religionen som dukka opp på den arabiske halvøya på 600-talet, spreidde seg saman med dei veldige arabiske erobringane. Det førte ikkje til at kristendommen forsvann. I mange område eksisterte dei kristne vidare som fleirtalsbefolkning eller store minoritetar i lang tid etter den muslimske erobringa. Men over tid skulle den islamske dominansen i desse områda få enorme konsekvensar.

Jenkins viser til det som over tid skjedde med kyrkjer i Asia og Afrika, og slår fast: «In most of these cases, churches collapsed or vanished because they were unable to cope with the pressures placed upon them by hostile regimes, mainly Muslim. While religions might sicken and fade, they do not die of their own accord: they must be killed» (4).
Det er eit poeng for forfattaren at òg dei store religionane er usikre prosjekt, historia om kyrkja er ikkje berre suksess, forfølging har slett ikkje alltid ført til vekst og framgang. Årsakene til utraderinga av gamle kyrkjer i Afrika, Midtausten og Asia er fleire og femner om den positive tiltrekningskrafta frå islam, fordelane med å slutta seg til herskarane sin religion, lågare fødselstal, flytting av folkegrupper, lokale leiarar som vart følgde av resten av folket i eit religionsbyte. Men ikkje minst handlar det om statens makt, og om å leva under eit vedvarande press som andrerangs borgarar kombinert med sporadiske utbrot av forfølgingar og massakrar (5).  I Midtausten kom muslimar gradvis i fleirtal, over tre-fire hundre år og vanlegvis gjennom fredelege middel, ifølgje Jenkens, som samstundes slår fast:

But just as undeniably, many Christians and others (Jews and Zoroastrians) were driven to accept the new faith, whether by outright persecution or systematic discrimination, exercised over centuries. (6)

Eit vendepunkt kom rundt 1300, då mange av kyrkjene ifølgje Jenkins fekk ein alvorleg knekk under det intolerante klimaet som rådde (ein religiøs intoleranse som òg var sterk i det kristne Europa i same perioden) (7).  I dag er altså dei siste restane av dei gamle kyrkjene i ferd med å forsvinna mange stader. Etter at kristne i ulike område av Midtausten miste fleirtalsposisjonen i mellomalderen, greidde desse samfunna å halda stand lenge, til det kom ein ny fase nærare vår eiga tid:

In the second phase, however, which is barely a century old, Christians have ceased to exist altogether – are ceasing to exist – as organized communities. We can argue about the causes of that change, whether they can legitimately be described as religious rather than political, but the result was to create a Muslim world that was just as Christian-free as large sections of Europe would be Jew-free after the Second World War. And in both instances, the major mechanism of change was the same. For all the reasons we can suggest for long-term decline, for all the temptations to assimilate, the largest single factor for Christian decline was organized violence, whether in the form of massacre, expulsion, or forced migration. (8)

Balanse og realisme
No er det viktig å ikkje bli for einsynt, og Jenkins greier denne balansen. Europeiske kristne makter var på ingen måte mildare mot muslimar, kanskje tvert om. Heller Ikkje var det alltid religionen som motiverte vald og ugjerningar. Uansett religion var det krevjande når bølgjer av framande hærar og folkeslag fløymde inn – arabarar, tyrkarar og mongolarar. Kristne i t.d. Kina og Japan vart forfølgde av regime med andre religiøse preferansar enn islam. I tillegg finst det rikeleg med døme på at kristne forfølgde andre kristne, og helst slike som høyrde til andre kyrkjesamfunn.

Det er likevel den muslimske dominansen som har vore og er den største utfordringa for kyrkjene i dei områda denne boka handlar om. Philip Jenkins skriv at han ikkje kjem med «a lament for a worldwide Christian hegemony that never was, still less for a failure to resist rival religions such as Islam» (9). Derimot ser han med sorg på nedbrytinga av «a once flourishing culture, much as we mourn the passing of Muslim Spain, Buddhist India, or the Jewish worlds of eastern Europe». Øydelegging av viktige trustradisjonar – kristne og andre - er for han uansett eit uerstatteleg tap for den menneskelege erfaringa og kulturen. Slik eg les Jenkins, har han òg ei positiv vurdering av islam som religion (10).

Samstundes skjønnmålar han ikkje historia. Det islamske styret var ikkje så tolerant som enkelte har framstilt det, og dei kristne vart ikkje sette på like fot i desse samfunna. Heller ikkje i Spania, trass i den idylliserande framstillinga som har vore gitt av situasjonen for dei kristne under muslimsk styre der (11). Islam kom som dei militære erobrarane sin religion. Det resulterte i eit langvarig press og til tider dramatiske overgrep mot kristne.

Dessverre er det ei rekkje døme på massakrar og undertrykking. Dei tyrkiske styresmaktene reagerer kvar gong nokon brukar ordet folkemord om det som skjedde der i 1915, men det er vanskeleg å sjå kva anna ein skal kalla utraderinga av armenske, syrianske og greske kristne tidleg på 1900-talet. Mindre kjent er massakrane av assyriske kristne i Irak i 1933, leia av den kurdiske generalen Bakr Sidqi. Og går ein tilbake til 1300-talet, møter ein erobraren Timur som utrydda folket i dei byane som gjorde motstand, og han gjorde det til sitt varemerke å stabla hovudskallane til kvinner og menn, vaksne og born i pyramidar etter å ha knust ein by (12). Sjølv såg han det slik at han vaska islams sverd i blodet frå dei vantru. Og tyrkarane påla familiar i kristne område å gje frå seg ein viss prosent av sønene sine til staten som slavar og krigarar. Vanlegvis konverterte desse janitsjarane til islam (13).

Det finst mange fleire slike døme på dramatiske overgrep. Situasjonen var likevel ikkje lik over alt, og trykket endra seg frå tid til tid. Det var lange periodar med relativt fredeleg samliv. Men i tillegg kom det meir jamne trykket mot minoritetane: krav om å betala særskatt, innflytta folkegrupper med ein annan religion, omgjering av kyrkjer til moskear, understrekinga av underordna posisjon gjennom klesdrakt og ridedyr, for å nemna noko. Trugsmålet om dødsstraff for dei som vende om frå islam, hadde fortent ei meir inngåande drøfting i framstillinga hjå Jenkins.

Mot ein slik historisk bakgrunn er det ikkje vanskeleg å sjå at mentaliteten til dei kristne er blitt sterkt forma av dette, at slike samfunn er lite utovervende og misjonerande og at ein del av dei vel det som eit trygt alternativ å støtta opp om makthavarar som gjev dei eit visst livsrom.  Men ein minoritet er utsett uansett. Den koptiske paven Tawadros II stilte seg for nokre veker sidan bak og støtta general al-Sisi då han tok makta frå president Mursi og muslimbrørne i Egypt. Militæret har som kjent brutalt slege ned på tilhengjarane av den avsette presidenten og hundrevis vart drepne.  Samstundes har lokale koptarar måtta tola hemnaksjonar gjennom at fleire titals kyrkjer er blitt øydelagde.

Syria
Ofte blir desse gruppene ein slags gislar, eller dei blir fanga i krysselden mellom mektige grupper som kivar om makta. Syria er eit land der mange kristne har støtta seg til Assad-regimet, sjølv om biletet ikkje er eintydig. Posisjonen ytterleggåande islamistar etter kvart har fått på opprørssida, gjer det kanskje enklare å skjøna eit slikt val. Assads Syria gav, trass i brutal undertrykking, eit betre vern av minoritetane enn det som er vanleg i Midtausten. Erkebiskop Polycarpus Augin Aydin frå den syrisk-ortodokse kyrkja i Nederland hevda m.a. i eit intervju sommaren 2012 at Syria hadde vore det beste landet å bu i for kristne i Midtausten, og kunne fortelja at landet til og med kringkasta gudstenester under Assad (14).  Og ifølgje ein artikkel i Smithsonian.com i februar 2013 var det berre ein stad arameisk såg ut til å vera trygt som kvardagsspråk, nemleg i den kristne landsbyen Maaloula i åsane utanfor Damaskus. Der lærte nemleg dei gamle framleis vidare språket til neste generasjon, med støtte frå den syriske staten.  Det er ikkje alltid nokon samanheng mellom demokrati og toleranse mot minoritetar. Eller, rettare sagt, samanhengen er i alle fall ikkje støtt slik vi skulle ønskja oss.

Ser ein på dei viktigaste landa i området rundt Syria, er biletet eit anna. Libanon har dei siste tiåra vore ridd av spenningane mellom ulike religiøse og politiske grupper, og dei kristne har mist både fleirtalsposisjonen og den politiske dominansen dei ein gong  hadde.I Tyrkia er den kristne folkesetnaden nesten blitt heilt borte gjennom det siste hundreåret, og dei svært få som er att i den sørlege delen av landet, har til tider vore ein kasteball i den tyrkisk-kurdiske konflikten. Irak har opplevd dramatisk vald og ein like dramatisk reduksjon i talet på kristne etter den amerikanskleidde invasjonen. Iran har eit sjiamuslimsk prestestyre, og i sunni-kongedømet Saudi-Arabia er intoleransen mot kristne ekstrem. Kristne i Syria har hatt grunnar til å søkja livd under Assads venger, men det betyr likevel ikkje at det har vore rett å støtta ein diktator – i den grad dei har gjort det.

Men tilbake til The Lost History of Christianity. Boka kom ut i 2008, nokre år før den såkalla arabiske våren, dei to regimeskifta i Egypt og borgarkrigen i Syria. Likevel er denne historieboka nesten skremmande aktuell.

Christians thus survive in the Middle East, but their collapse in numbers and influence over the past century has been astonishing, and only a wild optimist would predict that the process of decline had finished. The most vulnerable groups are those in Syria, which has since the disasters in Iraq become yet again the refuge for thousands of exiled Christians. Yet any change of regime could easily produce a radical Islamization such as occurred in Iraq, with similarly dreadful effects on minorities. Cynical observers hope for democracy and majority rule to come to Syria, but preferably not in their lifetimes. Perhaps within a decade or two, Egypt itself might find itself under an Islamist regime, driving the remaining Copts to choose between mass migration and conversion. (15)

Før borgarkrigen skal dei kristne ha utgjort omlag ti prosent av folket i dette viktige arabiske landet. Omlag like stor er den alawittiske minoriteten som Assad-familien kjem frå. Denne løyndomsfulle trusretninga, som blir sett på som ein del av den sjiamuslimske tradisjonen,  ser profeten Ali som ein inkarnasjon av Gud. Dei har òg stor respekt for Jesus, markerer nokre av dei kristne høgtidene og har teke vare på kristne element i liturgien. I tillegg har denne religiøse gruppa gnostiske trekk (s. 190-191).


Egypt og Nordafrika
Den vanskelege minoritetsrolla har ikkje fått like dramatiske konsekvensar alle stader. Jenkins har ei interessant samanlikning av kyrkja i Nord-Afrika og kyrkja i Egypt. Koptarane i Egypt er framleis ei stor folkegruppe, og med sine kanskje ti millionar truande er dette det største kristne samfunnet i Midtausten. Men ein gong var kyrkja stor og livskraftig vidare vestover i Nordafrika. Her låg kyrkjene og bispedøma tett, Kartago var eit viktig kristent sentrum og kyrkjefedrane Tertullian og Augustin var nordafrikanarar.  

I både Egypt og Nord-Afrika tok islam over som dominerande religion i kjølvatnet av den arabiske erobringa (16). I Egypt har kyrkja overlevd fram til i dag. I Nord-Afrika ser det ut til at ho forsvann nokre få hundreår etter at islam kom, og vi finn henne ikkje i dag. Jenkins ser hovudforklaringa i at den nordafrikanske kyrkja vart verande ei kolonikyrkje, knytt til den romaniserte befolkninga i byane – og utan feste i folkegruppene omkring. Heller ikkje tok kyrkja i bruk dei lokale språka i evangeliseringa, ifølgje Jenkins. Når nye makthavarar og ein ny religion kom, var ikkje fotfestet godt nok, og kyrkja må dels ha forsvunne saman med romaniserte bybuarar som flykta og drog bort. Denne flyttinga hadde gått føre seg òg under krigane før arabarane kom. I Egypt derimot slo kyrkja djupe røtter òg utanfor byane og tok i bruk folkespråket. Ho var djupt grunnfest i folket lenge før islam kom og kunne vanskeleg fjernast.
 
Framtid
Har dei kristne kyrkjene ei framtid i den delen av verda som er dominert av islam? The Lost History of Christianity kan ikkje gje noko sikkert  svar på dette, men optimistisk blir ein neppe av å lesa denne boka. Forfattaren meiner mellom anna at det trengst ein «theology of extinction» når ein skal ta inn over seg at kyrkja er blitt borte i store område (17).  Philip Jenkins har uansett levert ei lærerik, velskriven og fascinerande innføring i eit tema som er både viktig og oversett. Ser ein bakover i tid, er det forståeleg at mange ser mørkt på framtida til dei kristne samfunna i dette området. Men sjølv om det er god hjelp i fortida når ein skal skjøna samtida, gjev ho oss likevel ingen fasit til framtida. Heldigvis, i dette tilfellet.







(1) The Lost History of Christianity (2008) s. xi.
(2) The Lost History (2008) s. 12-13.
(3) The Lost History (2008) s. 64ff og 255.

(4) The Lost History (2008) s. 30.
(5) The Lost History (2008) s. 30 og 209-211.
(6) The Lost History (2008) s. 32.
(7) The Lost History (2008) s. 23-24 og 32-33 og 135-138.
(8) The Lost History (2008) s. 141.
(9) The Lost History (2008) s. 3.
(10) The Lost History (2008) s. 258-259. 
(11) The Lost History (2008) s. 32 og 99.
(12) The Lost History (2008) s. 137-138.
(13) The Lost History (2008) s. 143.
(14) Artikkelen «Kristen haust i Midtausten", Bergens Tidende 27. juni 2012.
(15) The Lost History (2008) s. 171.
(16) The Lost History (2008) s. 227-232.
(17) The Lost History (2008) s. 249.
 

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar