onsdag 28. august 2013

Sterk påstand, argumentasjon etterlyst

Frå det borgarkrigsherja Aleppo (Foto: Voice of
America News: Scott Bobb reports from Aleppo)
«Ser vi på situasjonen i Midtøsten, kan vi som en metafor sammenlikne selve svulsten med Israel-Palestina-konflikten, «alle konflikters mor». Fra denne håpløse striden mellom to folk som gjør krav på samme territorium, har nye problemer og kriger oppstått stadig flere steder. Spesielt de siste åra har situasjonen forverret seg, og man er nå inne i en fase der spredningen ser ut til å gå med hurtigtogsfart.»


Det er Dagbladet som skriv dette på leiarplass. Artikkelen heiter «Kreftsvulsten som sprer seg», og avisa går så langt som å kalla Israel-Palestina-konflikten for «alle konflikters mor», og påstår at frå denne striden har nye problem og krigar oppstått stadig fleire stader. Og akkurat no er ein altså inne i ein fase der spreiinga går med hurtigtogsfart.
Dette er absurd. Og resten av leiaren i Dagbladet viser kor meiningslaust  det er å påstå at konflikten mellom dei to folkegruppene i Israel/Palestina er «alle konflikters mor». For kva for konfliktar er det som blir lista opp i resten av leiaren? Jau, det er dei politiske omveltningane i Egypt, borgarkrigen i Syria – med spreiing til Irak og Libanon, bombeaksjonar i Irak, konflikt mellom sunniar og sjiamuslimar i Libanon. Den arabiske våren har i det heile endt opp med å skapa nye kriser.

Men det finst ikkje eit snev av argumentasjon i leiarartikkelen for at det faktisk  finst ein samanheng mellom Israel-Palestina-striden og desse andre dagsaktuelle konfliktane.

Eigentleg kan eg ikkje heilt sjå korleis ein – utan paranormale evner – kan sjå konflikten mellom jødar og palestinarar ein gong som ei surrogatmor for desse andre konfliktane. Derimot er det mange andre openlyse årsaker til konfliktane som pågår i Egypt, Syria, Irak og Libanon. Dette varierer sjølvsagt frå land til land, men viktige faktorar i eitt eller fleire av landa er endringar i balansen mellom ulike folkegrupper (Libanon), undertrykkande diktatur (Egypt, Syria og tidlegare også Irak), utanlandske invasjonar (Irak), ein intensivert regional konflikt mellom sjia- og sunnimuslimar (Irak, Libanon og Syria), spenningar mellom ulike religiøse grupper (alle landa), innblanding frå utanlandske jihadistar (t.d. Syria), ambisjonane til naboland som Iran og Saudi-Arabia. Det kurdiske spørsmålet spelar òg ei viktig rolle i eit par av desse landa. Fattigdom og stor befolkningsvekst er ei utfordring. Under det heile ligg også eit grunnleggjande politisk-religiøs spørsmål, som dessverre framleis er uløyst: Kan ein i denne regionen greia å kombinera islam, demokrati og respekt for minoritetar?
Det er sant at konflikten mellom Israel og Palestina har spela ei stor rolle i delar av nyare libanesisk historie. Men det som skjer der i dag handlar først og fremst om andre ting. Og å tildela konflikten mellom jødar og palestinarar morskapet for det som i dag skjer i Egypt, Syria og Irak er så usannsynleg at det i det minste krev ei slags form for argumentasjon .

Dagbladet  har derimot servert ein usannsynleg påstand, utan å bry seg med å underbyggja han med argumentasjon. Av ein eller annan grunn ser avisa ut til å tru at rota til alt vond – «alle konflikters mor» - ligg i det vesle landområdet mellom Jordanelva og Middelhavet. Kanskje bør dei som skriv leiarartiklane, setja seg ned og tenkja gjennom to spørsmål: Kor kjem han frå, denne påstanden om at konflikten i Israel/Palestina er mor til «alle» andre konfliktar i området? Korleis kan det ha seg at nokon trur på ein slik påstand? Forklaringar som inneheld samanhengande argumentasjon blir mottekne med takk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar