tirsdag 1. oktober 2013

Martyren innanfor piggtrådgjerdet

Maximilian Kolbe slik han er framstilt på eit
glasmaleriet i fransiskanarkyrkja i Szombathely,
Ungarn. (foto: Primaryspace frå Wikimedia Commons).
Mange har kanskje sett kveldens NRK-dokumentar Brennpunkt med to parallelle forteljingar. Ei om overgrepa på austfronten under andre verdskrigen, ei om den norske jødeguten Frank som vart sendt til Auschwitz og deretter brukt av nazistane i medisinsk eksperiment. Så mykje brutalitet og djevelskap er tung kost. Eg vil trekkja fram ein av dei som gjennom sitt liv og offer var eit lyspunkt i vondskapen under andre verdskrigen. Maximilian Kolbe var fødd i Polen med polsk mor og etnisk tysk far. Som barn skal han ha hatt eit syn der han såg Jesu mor Maria by han ei kvit krone for reinleik og ei raud for martyriet. På spørsmål om han ville ta imot ei av dei, sa han ja til begge.

Kolbe vart fødd i Polen, og han gjekk inn i fransiskanarordenen. Då krigen kom, tok han imot flyktningar og skjulte jødar. Han vart henta av Gestapo og sendt til fangeleiren Auschwitz. Då tre mann forsvann frå leiren, vart ti mann plukka ut til å døy som straff. Kolbe var ikkje mellom desse. Men ein av dei som var plukka ut til døden, ropte fortvila:  «Kona mi! Borna mine!» Kolbe tok då frivillig plassen hans og bad om å få døy i staden for denne mannen. Saman med dei ni andre vart han stengt inne i ein bunkers under bakken for å svelta i hel. Der skal han ha sunge og bede med dei andre og oppmuntra dei. Innestengde døydde dei ein etter ein. Den siste som levde, var Kolbe. Vaktene gav han ei dødeleg giftsprøyte, og slik enda han livet.

Under den polske paven Johannes Paul II vart Kolbe gjort til helgen av den romersk-katolske kyrkja. Systemet med helgenkåring, og også den store rolla Maria spela for Kolbe, kan verka framandt for protestantar. Inntrykket frå Kolbes tru og liv bryt likevel gjennom desse grensene.

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar