lørdag 22. juni 2013

Kule ord (4): pimpa


Klar til å bli pimpa opp?
(Foto: Karen Apricot New Orleans, Wikimedia Commons)
Dei fleste av oss veit kva å pimpa er. Det er å drikka mykje alkohol, eller stadig drikka litt og gjerne i løynd, for å låna frå forklaringa i Norsk ordbok. Men det var sikkert fleire som stussa over tittelen i Bergens Tidende for litt sidan: "Pimpet naboens bil med Marius-mønster". Saka handlar om naboar med glimt i auga som rett og slett laga eit kledeleg Marius-mønster over heile bilen til familien Stang frå Askøy medan dei var på langvarig ferie i Asia. Bilen er forresten ein Lada.
 
Denne bruken av "pimpa" var bortimot uforståeleg for meg. Men eg har nok sove i timen. Det viser seg at ordet å pimpa om å fiffa opp og gjera attraktiv allereie har fått ein fot innanfor den norske språkdøra. Lesarombodet i Bergens Tidende skreiv ein artikkel om den nye meininga av ordet allereie i 2010. Uttrykket har vi fått frå engelsk, og det har nok spela ei rolle at det finst ein tv-serie som heiter Pimp My Ride, der folk får bilane sine sette i stand og speisaltilpassa eigne behov. Verbet blir på norsk brukt åleine eller saman med ein preposisjon i utrrykket "pimpa opp".
 
Gunnstein Akselberg, professor i nordisk ved Universitetet i Bergen, opplyser i ein e-post at pimpa om å drikka og pimpa om å pynta opp har ulikt historisk opphav. Etymologien til ordet "pimp" i tydinga som er nytta i TV-serien og i oppslaget om Marius-bilen, har historisk bakgrunn i det franske verbet "pimper" som tyder "å kle seg elegant". Etymologien til "pimpa" i tydingar som "drikka tett, drikka seg full" er heilt annleis, og knytt til substanstivet "pamp".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar