søndag 30. juni 2013

Tilbake til Damaskus

På Aposteldagen i dag, søndag 30. juni, handlar ein av tekstane om Paulus som hata,
Paulus på vegen til Damaskus, slik kunstnaren
Michelangelo Merisi såg det (Wikimedia Commons)
 
forfølgde og truga kristne på livet. På vegen til Damaskus i dagens Syria møtte han sin overmann i eit syn som blinda han. I Damaskus fekk han synet tilbake, vart kristen, vart døypt, tok til å forkynna evangeliet og vart for første gong sjølv forfølgd på grunn av trua på Kristus og måtte røma byen.

For nokre få dagar sidan vart det sprengt ei bombe utanfor den gresk-ortodokse Jomfru Mariakyrkja i eit kristent kvarter i Damaskus. Fire menneske miste livet, fleire andre vart såra og butikkar vart skadde. Kva som var årsaka til eksplosjonen, er ikkje heilt klart, men det vert hevda at ein sjølvmordsbombar sto bak. Dette er berre eitt av mange tragiske overgrep i den syriske borgarkrigen, der kanskje rundt hundre tusen menneske har mist livet til no. Dei kristne er som minoritet ei av fleire sårbare grupper i denne situasjonen, klemde som dei er mellom Assad-regimet, som var undertrykkande men gav minoritetane levelege vilkår, og opprørarane, som ifølgje rapportane får eit sterkare og sterkare innslag av ekstreme islamistar. Tidsskriftet The Economist sin blogg om religion og samfunn gjev eit bilete av den vanskelege stoda for kristne i Syria:

Politics aside, there is of course plenty to be concerned about. In recent days, a stomach-churning video (since taken off YouTube) has been circulating that appears to show a Syrian Christian priest, and another man, having their heads cut off with a small knife before a cheering crowd in a rebel-controlled area. The Roman Catholic authorities have reported the death of a Franciscan monk during a raid on a monastery in the north of Syria on June 23rd. Yesterday there was a suicide bombing outside the headquarters of the Greek Orthodox Patriarchate (…….) in Damascus that killed four people who were queuing for food. The Patriarch, John X, had entered the premises shortly beforehand and the bombing may have been aimed at him. The Patriarch's brother is one of two bishops from Aleppo who were kidnapped in April; the absence of any concrete news about them seems deeply worrying.

Mange av dei som kjempar i Syria, anten dei er syrarar eller frå utlandet, ser ut til å vera verre enn forfølgjaren Paulus i sin fanatiske iver. Det kan ikkje vera lett å finna håp i ein slik situasjon, men Aposteldagen er ei påminning om at mangslag folk før har møtt sine vendepunkt, hoppa av frå galskapen og fått ei heilt anna retning på engasjementet. Denne dagen bør òg vera ei påminning om dei to biskopane Yohanna Ibrahim og Boulos Yazigi frå Aleppo, som i si apostoliske teneste er gjort til gislar og no har site over to månader i fangenskap.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar