tirsdag 18. juni 2013

Kjerubar, men ikkje engleborn


Robert Muchamore
(foto: Eduarda7,
Wikimedia Commons)
Boka Rekrutten er i starten ein tragedie som nærmar seg farse for hovudpersonen James. Men det snur. Den foreldrelause tolvåringen blir rekruttert inn i ei hemmeleg etterretningsteneste av ein spesiell sort, ei avdeling av born som blir sende ut på hemmelege oppdrag dei kan utføra betre enn vaksne. Cherub heiter den hemmelege avdelinga. Borna som er med, er foreldrelause eller av andre grunnar utan foreldre som kan ta seg av dei. Her er det knallhard trening, klare reglar og i det heile ein praksis som ville fått det til å svartna for eit kvart velmeinande barneombod.

Rekrutten er den første av tretten bøker om agentane i Cherub, og forfattaren er britiske Robert Muchamore. Og for å ha det sagt: Heile tanken om ei slik organisert avdeling av barneagentar, og treningsopplegget dei går gjennom, verkar usannsynleg.  Men i ei spenningsbok finst det tilgjeving for ei usannsynleg ramme. Nådemidla heiter humor, kameratskap og spenning. Alt det har denne boka, og det gjer henne til ei leseverdig barne- og ungdomsbok.

Denne første boka i Cherub-serien handlar om opplæringa og opptaksprøven James må gjennom for å bli ein del av den topptrente avdelinga av barneagentar.  Etter det får han vera med på sitt første oppdrag saman med den litt eldre Amy, eit oppdrag som viser seg å bli både stort og dramatisk. Saman blir dei to utplasserte i eit hippie-aktig fellesskap av miljøvernarar i Wales, der den ekstreme miljøgruppa «Hjelp jorda!» har fått fotfeste med sine skumle planar. Likevel er ikkje dette ei enkel svart-kvitt-forteljing. Hovudpersonen møter ulike slags menneske, som står på ulike sider i dramaet som blir rulla ut, og det får han til å tenkja gjennom kven som eigentleg er heltar og skurkar. Samstundes som boka ikkje malar eit enkelt svart-kvitt bilete, og samtidig som det er ein undertone av «vaksen» pragmatisme gjennom forteljinga, er det ikkje tvil om at det er skilnad på rett og gale i Robert Muchamores kriminelle univers.

Så står det att å sjå om serien har slitestyrke nok til at alle dei tolv neste Cherub-bøkene er verd å lesa. Men den første boka gjev i det minste skilleg grunn til mistanke om at så er tilfelle.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar