fredag 31. mai 2013

Ein liten dose betongfeminisme frå LO


Landsorganisasjonen (LO) har fått ny leiar. Grunn til å gratulera. Den nye leiaren har evne
LO-leiar Gerd Kristiansen (foto: Jarne Vines,  Wikimedia Commons) 


til å uttala seg så skarpt at det skaper debatt. Grunn nummer to til å gratulera. Denne gongen har det dessverre resultert i eit relativt betongfeministisk utspel i Aftenposten:


”Samfunnet er tilrettelagt for at hele den voksne befolkningen skal være i arbeid full tid: Vi har full barnehagedekning, SFO, heldagsskolen. Det er en årsak til det: Nemlig behovet for arbeidskraft. Man forsaker noe ved å gå i full jobb, men man er ikke på jobb mer enn 37,5 time pr. uke. Det er bare litt over ett døgn til sammen. Totalt sett har man mye tid med barna sine, sier Kristiansen.”

LO-leiaren ser ut til å ha gløymt at ikkje alle har arbeidsplassen i nabohuset. Å reisa ein halvtime, eller ein time eller jamvel meir til jobben (ein veg) er ikkje uvanleg. I tillegg kjem den leie tendensen i alle fall små born har til å leggja seg litt tidleg. Reknestykket blir dermed at for mange blir det fem av sju dagar lite tid igjen saman med borna etter at to fulltidsarbeidande, eller nesten fulltidsarbeidande, foreldre er komne heim.

I intervjuet i Aftenposten er barneperspektivet fullstendig borte. Her handlar det om dei vaksne sine behov, at kvinner kjem dårleg ut av deltidsarbeid og at arbeidslivet treng oss for fullt. Men er det verkeleg ein god ting for dei små at dei alt frå eittårsalderen skal vera lange dagar i barnehagen fem av sju vekedagar, eller er det betre for dei å vera litt kortare dagar eller kanskje ikkje alle dagar i barnehagen og i staden ha meir tid med foreldra? Viss LO-leiaren hadde teke fram dét perspektivet, kunne det blitt interessant. Alt handlar ikkje om at hjula skal gå rundt i arbeidslivet og at vaksne skal få sine rettar.

Det er ikkje rart at både kvinner og menn reagerer på at LO-leiaren meiner ”man bruker morsrollen som unnskyldning for å være den som tar hovedansvar for barna hjemme.” 

Er det eigentleg noko som skal unnskyldast her?

I så fall kan ein jo vri på det og seia: "Fedre og mødre brukar arbeidet som unnskyldning for ikkje å ta seg av sine eigne born og foreldre”. Den siste påstanden er kanskje like lettvint som den første. Men det er ein idé å tenkja gjennom begge, og det er interessant å spørja kva for verdiar og kven sine behov som kjem i fokus i kvar av påstandane.

Unge kvinner er utan tvil ein verdfull del av det norske arbeidslivet. Mange av dei kombinerer høg kompetanse, sterk arbeidsmoral og heilskapleg tenking på ein måte det står stor respekt av. Men det betyr ikkje at familien skal tømmast for endå meir av omsorga for born og eldre, og at det er bra om endå meir omsorg blir overført frå dei nære relasjonane til institusjonar bemanna av profesjonelle. Ønsket om å arbeida deltid for å ta seg av familie er kanskje først og fremst ein protest mot at denne utviklinga har gått for langt. Det er eit ønske om å prioritera sine næraste, og så får det heller få nokre konsekvensar for jobbsituasjonen og for den samla inntekta til familien. Det er jo ikkje gitt at arbeidslivet alltid skal leggja premissane, og så skal familiane innretta seg deretter.

Ein tilleggsfaktor i denne debatten - og kanskje endå meir i ordskiftet om foreldrepermisjon - er frykta for at folk vel tradisjonelt om dei får velja fritt. Her slit sjølvsagt mange av politikarane våre med eit dilemma makthavarar alltid har hatt: Er det klokt å la folk velja sjølv når dei sannsynlegvis kjem til å velja "feil"? Sjølv om vi vel mindre tradisjonelt enn foreldre- og besteforeldregenerasjonen vår gjorde, så har vi ein tendens til å velja tradisjonelle kjønnsroller – om då ikkje staten gjeter oss på den rette stig. Men kan ikkje folk få lov til å velja tradisjonelt om dei ønskjer det? Har våre styrande så lite tiltru til folk at dei må fortelja oss korleis foreldrepermisjon skal delast, eller overbevisa oss om kor ille det er å vera heime med born i staden for å gå i fulltidsstilling (i alle fall om mor er heime)? Etter mi meining bør staten rett og slett trekkja seg tilbake og la folk ta eigne val på slike område. Litt meir tillit og litt mindre tvangsfeminisme, takk.

Då er det meir fornuftig at ein ser på ordningar i arbeidslivet som diskriminerer den som t.d. ikkje vel fullt trøkk i arbeidslivet heile tida. Ein av tinga det bør gjerast noko med, er pensjonspoeng. Her bør eit par som får born saman og deler på å oppdra dei, òg dela pensjonspoenga, slik at ikkje den som eventuelt går i redusert stilling, blir skadelidande. Å fostra opp felles born er eit stort og overordna prosjekt. Å tena opp pensjonspoeng er trass alt eit mindre prosjekt, som bør underordnast det større. Det er jo ikkje slik at den som arbeider fulltid, får betre mat eller ein mjukare lenestol i heimen. Då er det heller ikkje rimeleg at den som arbeider fullt, skal koma ut av det store familiære fellesprosjektet med fleire pensjonspoeng enn den som arbeider deltid.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar