tirsdag 7. mai 2013

Rom for tiggarar


Foto: Alex Proimos, frå Wikimedia Commons.
Romfolk og tiggarar får det til å gå ei kule varmt i norsk debatt for tida. No har justisminister Grete Faremo som del av ein større pakke lova ti millionar i støtte til sanitæranlegg for omreisande som kjem hit til landet.

Ifølgje media er det venta mange utanlandske tiggarar til Noreg i sommar, m.a. av romfolket.  Mange likar ikkje tigging. I møtet mellom velfødde nordmenn og søraust-europeiske tiggarar, kan ein få inntrykk av at det er oss nordmenn det er synd i. Merkelege greier dette, eigentleg. Eg har liksom eit minne om at eg som liten gut sat att med ei kjensle av at det var tiggarane i bibelforteljingane det var mest synd i, ikkje den store veltipassa hopen. Kanskje gav søndagsskulelærarane oss heilt feil forestillingar. Kan henda var det den rike mannen som burde vekt vår medynk, ikkje den frekke tiggaren Lasarus som - plagsamt nok - sat like ved inngangen til rikingen

Ok, då. Det er eit problem at rumenarane ligg så høgt på statistikken over vinningskriminalitet her til lands. Vi mislikar det, og politiet må prøva å kjempa mot det. Heilt sikkert finst det andre sider ved levemåten til ein del av dei reisande som kan kritiserast. Og sjølvsagt er det utriveleg når det ligg avføring etter menneske rundt om i parkar og hagar.

Så kvifor ikkje prøva å gjera noko med det. Få opp sanitæranlegg. La gjestene våre få ein plass til å vaska seg og gå på toalettet. Er vi verkeleg redde for at landet skal bli overfløymd av tiggarar frå Romania fordi dei får lov å gå på do her? Fryktar vi ein slags ukontrollert sanitærturisme? Korleis kan det ha seg at byrådet i Bergen med Høgre, Frp og - av alle - KrF ikkje vil reisa slike anlegg? Viss folk reiser halve Europa rundt for å koma hit, er det heilt andre ting enn offentlege sanitæranlegg som lokkar. Det handlar nok om å få nokre smular av velstanden vår. Eg tvilar på om sanitæranlegga gjer så mykje frå eller til for motivasjonen for å koma hit. Derimot kan det gje dei ein litt meir verdig kvardag den tida dei er her, og det bør vi unna dei.

Kanskje burde vi prøva å skjøna litt meir av det omreisande romfolket slik at vi ikkje berre ser på dei som ein stor, snuskete hop av tiggarar. Bloggen St Isidors minne har ytt sin skjerv til den gode sak gjennom ein interessant liten artikkel om skyttshelgenen til romfolket. Ei grei påminning om at romfolk kan enda opp som både helgenar og kjeltringar, slik som alle oss andre.

2 kommentarer:

  1. Avisa Dagen har ein interessant artikkel med ein personleg vri: "Hun møtte kvinnen bak tiggerkopen" (http://www.dagen.no/2013/05/01/samfunn/vennskap/skam/kirkekaffe/128788).

    SvarSlett