onsdag 3. april 2013

Spar Gudmundsholmen, Trond Mohn

Sist det var ståhei om Gudmundsholmen i Meland kommune var i 2004. Då var det planar om utfylling og utbygging i dette vakre området, protestane kom og planane vart lagde til sides. Sikkert overraskande for mange er planane no trekte fram frå skrivebordskuffa, og bedrifta Frank Mohn på Flatøy sende like før påske ut nabovarsel. Planane er å fylla ut sundet mellom det noverande industrianlegget på Flatøy og Gudmundsholmen, ta med mesteparten av holmen og i tillegg litt av sjøen utanfor. Bakgrunnen er at denne hjørnesteinsbedrifta i 

Flatøyosen med Gudmundsholmen bak naustet og Frank Mohn
til høgre (Foto: Arve Kjell Uthaug).
Meland og Nordhordland treng betre plass.


Kva er så problemet?

Problemet er at dette er eit vakkert stykke skjergard, populært til fritidsaktivitetar og friluftsliv og vel verd å ta vare på for framtida. Dette området er sjølve porten inn til Nordhordland, det første ein møter når ein tek land frå Nordhordlandsbrua. Mellom Holsnøy, Flatøy og Håøy ligg ein os som er diskret dekorert med eit par velplasserte, små holmar. Her er det eit yrande båtliv til sjøs og ei eiga hamn for fritidsbåtar. Badeplassar er det òg rundt denne osen. På Håøy er det eit stort grønt friluftsområde heilt ned mot sjøen og ein fin turveg vidare opp til Håøytoppen – sjølvsagt med utsikt ned mot Flatøyosen og livet der.

Denne rikdomen er skjenka den bynære Meland kommune, som er kommunen med sterkast folkevekst i Hordaland fylke. Mange nye menneske slår seg ned eller blir fødde her kvart år. Meland kan tilby dei ein førsteklasses kombinasjon av å bu nær byen (og kanskje jobben) på den eine sida og natur og friluftsliv på den andre. Denne kombinasjonen er ein av dei store kvalitetane i dette området.  Naturområda både på lands og til sjøs er ein viktig kvalitet som framtenkte politikarar og andre må ta vare på.

Her er det altså Frank Mohn Flatøy vil ta både sund og holme i eit stort jafs. Det er i utgangspunktet positivt at ei lokal bedrift treng større areal, som oftast tyder det at bedrifta går godt. Det er òg veldig bra med dei arbeidsplassane denne verksemda tilbyr. Men når ein greidde å finna ei anna løysing i 2004, må ein greia å spara Gudmundsholmen og området rundt denne gongen òg. Å steinfylla eit sund og flata ut ein holme er vandalisme i eit så vakkert område. Når det først er gjort, kan det ikkje reverserast. Det står, som kjent, ingen klare til å plukka steinane opp av sjøen og forma ein ny holme ein gong i framtida. Og – trass i dei aller beste ønske for Frank Mohn på Flatøy – kor lenge kan vi rekna med at ei industribedrift lever og held seg på same plassen samanlikna med den tida vi kan håpa eit slikt område kan brukast til rekreasjon og naturglede for menneska som bur her ute? Å fylla eit sund og flata ut ein holme i eit vakkert naturområde, er rett og slett ikkje måten ein løyser plassproblemet for ei industribedrift. Den slags bør høyra fortida til.

Trond Mohn, som leier Frank Mohn AS, er ein raus mann, og han har gitt mange millionar til idrett og forsking. Det er derfor fortent at han som forretningsmann nyt uvanleg stor respekt. I dag 3. april fyller han faktisk sytti år. Eg håpar han vil gje folk her ute i Nordhordland endå ei gåve, nemleg å spara Gudmundsholmen og området rundt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar