torsdag 28. mars 2013

Smørbukk som statue

Smørbukk har gått frå todimensjonal teikneseriefigur til tredimensjonal statue. I bygda Vrådal i Vest-Telemark står han i bronse og med den prikkete vintergenseren på. Mange kjenner denne bygdeguten som høyrer til ein eksklusiv gjeng av nynorske teikneserieheltar. Heilt sidan 1938 har han figurert i Norsk Barneblad og kan såleis feira 75 år i 2013. Sidan 1941 har Smørbukk dessutan kome som årvisse julehefte. Tre ulike teiknarar har gitt han sitt preg gjennom desse åra: først Jens R. Nilssen, deretter Solveig Muren Sanden og til sist den noverande teiknaren Håkon Aasnes. Ei rekkje ulike manusforfattarar har vore inne i biletet, men i dag er det Håkon Aasnes som står bak både teikning og tekst.


Smørbukk som statue i skibygda Vrådal
i Telemark (Foto: Arve Kjell Uthaug)
Sjølv diggar eg ikkje Smørbukk. Han manglar liksom dette vesle ekstra som gjer at stripene og julehefta berre lesast. Asterix har sin miks av elleville historier og anakronistisk humor, Pondus har sin kanskje-passeleg-på-kanten-humor, Knoll og Tott har sine usannsynleg ukorrekte oppfatningar av barneoppseding og av samliv mellom menneske i det heile, Tintin har sine dramatiske historier, Donald har sitt unike persongalleri. I dette selskapet blir Smørbukk litt kvardagsleg. Men dét skal han ha, serien har overlevd sidan 1938, han er på nynorsk og hovudpersonen har sitt særpreg. Alt dette står det respekt av.

I omtalen av hovudpersonen i Allkunne heiter det: «Alt han gjer, er godt meint, men det endar likevel ofte med uventa og litt problematiske situasjonar, som han greier å kome seg ut av. Smørbukk er ein glad gut, han er kreativ og fantasirik, og han viser stor vilje til å prøve nye ting.»

Gratulerer med 75-årsdagen til sommaren, Smørbukk!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar