torsdag 14. februar 2013

Inn i Amazonas

Frå Wikimedia Commons.
Oppdagarar, mysterium og dristige ekspedisjonar er fascinerande. Slikt stoff, lagt i dei rette hender, kan enda opp som spennande bøker. Riktig nok er visse oppdagingsferder meir interessante enn andre. Desse frostnerdane som vasa rundt i polare strok, har aldri fascinert meg så veldig. Kva hadde dei der å gjera? Tullete å svi av så mykje mot, krefter og mental slitestyrke i dei kaldaste og goldaste områda på jordkloten. Derimot kan det vera meining i å søkja etter gamle sivilisasjonar, følgja trådar frå gamle mytar eller granska etter om det finst ein sjøorm her eller der.
 

Det er i denne siste kategorien den legendariske britiske oppdagaren Percy Harrison Fawcett høyrer heime. Tidleg på 1900-talet gjennomførte han fleire ekspedisjonar for å utforska søramerikanske jungelområde som var ukjente – for alle andre enn indianarane som heldt til der. Etter kvart vart han òg nesten manisk oppteken av å finna restane etter den store sivilisasjonen som mytane og nokre av dei gamle reisenedteikningane fortalde om, «the lost city of Z». Til slutt drog han inn i jungelen saman med sonen Jack og kameraten hans, Raleigh Rimell. Der vart dei borte alle tre. Boka The Lost City of Z av David Grann fortel den spennande historia om Fawcett og oppdagingsferdene hans og om dei mange som seinare prøvde å finna ut kva som hende med den ustoppelege briten og dei to unge følgjesveinane hans. To gåter tvinnar seg som raude trådar gjennom boka: Kva hende med Fawcett, og har det nokon gong funnest ein stor sivilisasjon midt inne i Amazonasjungelen? 
 

Boka får fram det motsetningsfylte i dette enorme jungelområdet. På den eine sida ein artsrikdom og ein vegetasjon som er så frodig at reisande må hogga seg fram med machete. Og i tillegg eit overveldande mangfald av små indianargrupper med kvar sine skikkar og kvar sine språk. Trass i alt som er skjedd sidan conquistadorane steig i land frå skipa sine på 1500-talet, finst det framleis eit mangfald av små indianarstammer i Amazonas. Eit blikk på Brasil i UNESCOs altlas over truga språk kan ta pusten frå dei fleste språkinteresserte: kalapalo tala av 506 menneske, kuikuro av 600, bakairi av 950, for å nemna språka til tre av stammene som er omtala i boka. På kartet til FN-organisasjonen er Brasil ført opp med heile 190 truga språk, og dei aller fleste finst i Amazonas.
 
Men når ein følgjer Fawcett på ekspedisjonane hans inn i jungelen, ser ein òg kvifor dette ufatteleg rike området vart kalla «det grøne helvetet» (nei, det handlar ikkje om eit framtidssamfunn der miljørørsla har all makt). Giftige slangar, elektriske ålar, morderiske pirajaar. Og kanskje farlegare enn dei store dyra, var dei små insekta og smitteberarane. Ironisk nok var det òg vanskeleg å få tak i nok mat i denne frodige jungelen, i alle fall for den kvite mann på tur. Fleire av indianarstammene var dessutan fiendtlege. Det er kanskje ikkje så underleg når ein les kor redselsfullt enkelte av inntrengarane oppførte seg mot dei. Uansett, det var mange som aldri kom ut igjen frå jungelen.

Percy Fawcett er ein av dei aller mest kjende av desse. Boka finn ikkje eit definitivt svar på kva som hende med han. Vi sit likevel att med ein versjon som er sannsynleg, og som baserer seg på opplysningar frå eit par av indianarstammane i området. Sjølv om forfattaren snur mange steinar, heng det likevel att eit spørsmål i lufta her. Er det ikkje andre stammer i området, dei av den meir «krigerske» sorten, som kunne vore oppsøkte og spurde ut? Det kan vera grunnar til at dette ikkje let seg gjera, men det kjem i så fall ikkje klart fram i boka. Og når det gjeld spørsmålet om ein fordoms sivilisasjon med byar med mange innbyggjarar inne i Amazonas, skal det ikkje røpast noko her. Spørsmålet blir i siste kapitlet lagt i hende til arkeologane.



 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar