fredag 25. januar 2013

Søner og døtrer av Mor Gabriel

Frå Mor Gabriel-klosteret i Tyrkia.
(Foto: Nevit Dilmen, Wikimedia Commons)
Det tyrkiske fjellområdet Tur Abdin ligg ved grensa til Syria og Irak. Her finst det framleis eit lite, kristent samfunn med røter tilbake til dei første hundreåra av vår tidsrekning. Kyrkjer, kloster og ruinar vitnar om ei lang og rik kristen historie. I nokre få kloster finst det framleis munkar og nonner. Men av dei mange arameiske kristne som ein gong budde i dette området, er det no berre att mellom to og tre tusen. Dei fleste kristne her høyrer til den syrisk-ortodokse kyrkja. Historia deira er dramatisk. På same måte som armenarane, vart tusenvis av dei arameisk-talande kristne slakta ned og fordrivne i overgangen frå det ottomanske riket til det moderne Tyrkia. I 1914 skal det ha vore nesten 20 prosent ikkje-muslimar i Tyrkia, dei aller fleste av desse var kristne. No er det truleg under 0.2 prosent.

Dei syrisk-ortodokse kristne i Tur Abdin er i dag ein ørliten minoritet der dei bur. Dei har halde liv i det arameiske språket – både den klassiske varianten som vert nytta i liturgien og den gamle litteraturen, og daglegspråket turoyo. I tillegg er dei altså kristne. Dei fleste etterkomarane av dei som opplevde katastrofen, seyfo, tidleg på 1900-talet, har forlate området. Nokre få hundre tusen bur i Europa, og dei er talrike i Sverige, Tyskland og Nederland. På slutten av 1900-talet vart dei arameiske kristne i Tyrkia skvist i konflikten mellom den tyrkiske regjeringa og kurdiske PKK. Dei levde i krysselden mellom regjeringa i Ankara, kurdiske opprørarar i PKK, kurdiske «landsbyvaktarar» i allianse med regjeringa, mektige kurdiske landherrar (agaar) og islamistiske Hizbollah. Det trengst ikkje mykje kjennskap til konfliktane i området for å skjøna at dette var ein desperat situasjon for dei kristne i Tur Abdin.

Men dei er der altså framleis. Konflikten mellom regimet og kurdarane er dempa ned, Hizbollah spelar heller ikkje ei viktig rolle i området for tida. Faktisk er det nokre få arameiske familiar som har vendt tilbake frå utlægd i Vesten og slått seg ned i dei gamle områda sine i Tur Abdin. Viktigast er landsbyen Kafro der fjorten familiar frå Vesten har vend tilbake. Den tyske presten Horst Oberkampf skriv om dette i artikkelen Almost a Miracle – Syriacs are Returning to their Homelands.

Artikkelen er ein av mange i ei bok som kom i 2012, The Slow Disappearance of the Syriacs from Turkey and of the Grounds of the Mor Gabriel Monastery. Akademikarar, politikarar og andre engasjerte skriv her om den vanskelege situasjonen for dei arameiske kristne i Tyrkia. Sjølv om situasjonen ikkje er håplaus, møter denne minoriteten store problem og ser ei usikker framtid i møte. The Slow Disappearance set fokus særleg på den vanskelege situasjonen for klosteret Mor Gabriel. Dette unike klosteret vart grunnlagt i år 397. Opp gjennom tidene har det opplevd både gode år og plyndringar. Det er i dag eitt av dei aller eldste kristne kloster som framleis er i bruk. No er klosteret i ein vanskeleg situasjon sidan både kurdiske nabolandsbyar og tyrkiske styresmakter har gått til rettssaker for å leggja under seg land dette klosteret har eigd gjennom lange tider.

Ein av dei mest lærerike artiklane i boka handlar om nyregistreringa av landeigedomar i Tyrkia. Forfattaren Markus Tozman har intervjua mange menneske rundt om i dei kristne landsbyane i Tur Abdin. Det er ikkje berre klosteret Mor Gabriel som står i fare for å mista eigedomar. Tozman viser i artikkelen korleis også vanlege menneske i dei kristne landsbyane stadig må kjempa mot det som vanskeleg kan kallast anna enn eit jordran, der styresmaktene snarare er motstandar enn støtte. Dessutan blir fleire kyrkjer og kloster verna av styresmaktene. Det kan høyrast ut som ein god ting, men ikkje når det fører til at nødvendig oppussingsarbeid stoppar opp og bygningane forfell. Tozman slår fast at «if these problems are not solved soon, the Syriacs of Tur Abdin will lose both their lands and their places of worship. This would not only be a slap in the face to anyone who believes in the progress of Turkey’s minority rights regime under the AKP government, it would likely also put an end to the millennia-old existence of the Syriacs in Tur Abdin" (s. 153).

Klosteret Mor Gabriel har ei heilt spesiell rolle for identiteten til syrisk-ortodokse kristne, og i kampen for å redda klosteret har fleire av dei kalla seg søner og døtrer av Mor Gabriel. Etter å ha tapt i rettssaker for tyrkiske domsstolar, blir i alle fall nokre av sakene løfta opp til den europeiske menneskerettsdomstolen. Sannsynlegvis har klosteret langt betre håp om å nå fram der. Tyrkia er eit stort og mektig land på grensa mellom Europa og Midtausten. Staten har søkt om medlemskap i EU, og vi får tru landet framleis ønskjer å halda vindauga ope mot Europa (sjølv om det er høgst uvisst om landet nokon gong blir medlem av Den europeiske unionen). Under statsminister Erdogan og det moderate islamistiske partiet AKP står Tyrkia òg fram som ei stormakt i den muslimske verda. Men skal landet vinna tillit i Vesten og vera ei bru mellom Midtausten og Europa, må det visa seg i stand til å yta ein bitteliten minoritet som dei arameiske kristne i Tur Abdin, rettferd og rimeleg vern.

 

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar