Neppe opphavet til ordet "nedsig", men likevel. (Foto: gaywash, Wikimedia Commons) |
Eg har tolka det som omtrent eit synonym til «nedtur» som eg har inntrykk av er brukt av vaksne folk og. Det kan og vera noko skuffande. I det heile forstår eg «nedsig» som eit ganske prosessuelt ord som skildrar ei stemning eller oppleving som går frå noko greitt eller flott til noko negativt. «Vi hadde det kjekt, men så skjedde det og det. Det var nedsig».
Innhaldet i ordet ser vi altså ganske godt konturane av. Men kva kjem det eigentleg av? Er det eit nytt ord, eller har det eksistert lenge som slanguttrykk for noko kjipt, for ein «nedtur»? Er dette, slik eg har inntrykk av, først og fremst ungdomsspråk, og lite kjent av middelaldrande og gamle? Kor utbreidd og kjent er uttrykket i Bergen og Nordhordland, og er det også brukt andre stader i landet? Her er det med mange ord mange spørsmål.
At ordet lever i beste velgåandei bloggheimen, viser tittelen "Grønt nedsig i Israel". Det handlar om at partiet Dei grøne gjorde det elendig i det nyleg avvikla valet i Israel, etter å ha gjort det - trass alt - litt betre for nokre år sidan. Sjå http://gronnibergen.origo.no/-/bulletin/show/780381_groent-nedsig-i-israel
SvarSlett