tirsdag 19. februar 2013

Heil ved, tung ved, god ved

Stord i Hordaland har
kristtorn i kommunevåpenet.
Sidan alle for tida er så opptekne med kva vi puttar inn i munnen (les: hestekjøt), kan det vera grunn til òg å sjå nærare på kva vi puttar inn i ovnen. Her er det store skilnader i kvaliteten, viser ei undersøking frå Norsk institutt for skog og landskap. Den tyngste veden har høgast brennverdi. Aller best ut kjem kristtorn, men det er vel få som har eit vedla av denne sorten. Barlind, ask og eik skorar òg høgt. Langt nede kjem gran. Men har ein rikeleg med ved, er det sjølvsagt ingen ting i vegen med å fyra med gran.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar